SSF-frisk-og-sprek

Rekordoverskot på samfunnsrekneskapen til Sogn og Fjordane!

Denne overskrifta kunne, eller skal eg heller seie burde, stått på trykk i Dagens Næringsliv eller Finansavisa med følgjande ingress: Verdien på fylket auka vesentleg som følgje av at endå fleire verksemder og enkeltpersonar såg nytten av å bruke ressursar og fritid på fellesskapet for å skape eit rikare, sosialt liv.

Les heile “Rekordoverskot på samfunnsrekneskapen til Sogn og Fjordane!”
Norsk Country Treff

Country på Breim for 16. gong

18/9 1993. Dagen Ingemar Sårheim stilte breimningane spørsmålet om country på Breim kunne vere liv laga. Sidan då har han hatt tittel ”dagleg leiar” av det som fekk namnet Norsk Country Treff. I morgon går startskotet for 2010. Dampande liv, heftige tonar, godt selskap og ei framifrå stemning skal prege Breim fire dagar til ende. Det er countrytreff for 16. gong!

Les heile “Country på Breim for 16. gong”
dagfinn breimstafett

Breimstafetten – eit friviljug, vårleg eventyr?

  Breimstafett er tradisjon. Breimstafett er nervøsitet. Snø langt ned i liene, gyllelukt, krepp-papirband i gilde fargar som viser etappane, og ikkje minst banneret som lyser mot deg på Helkja-brua: ”Velkomen til Breim!” Er du stafettløpar og ikkje får problem med magen når alt dette møter deg, er du ikkje klar nok for etappen din!

Les heile “Breimstafetten – eit friviljug, vårleg eventyr?”
Gaularspelet

Oppvaksen med eld i sjela

Det er ikkje alltid ein kan sjå dei. Han som brenn for den lokale fotballen. Ho som alltid syter for at alt ligg til rette. Ei eldsjel kan vere så mykje. Felles for dei alle, er at dei brenn for noko. Dei kallar kanskje ikkje seg sjølv for eldsjeler, men dei gjer dagleg ein innsats for lokalmiljøet sitt. Det er desse som driv fram det frivillige arbeidet  andre ikkje ser seg tid til å ta. Dagleg påverkar dei livet til andre menneske. Mange av dei er nok ikkje klar over kor mykje innsatsen deira betyr.

Les heile “Oppvaksen med eld i sjela”

Gå til mobilutgåva