Russ

Russemamma i mai

Brått er mai her, like overveldande kvar vår, med intens fuglesong, naturen som bråvaknar og lufta så skarp og klår. Like sikkert vårteikn er dei unge, lovande i raudt, blått og svart som feirer avslutninga av 12-13 års skulegong. Eg er russemamma for tredje gong i år, men blir aldri heilt fortruleg med rolla, og kjenner meg lett uroleg desse maidagane. Måtte det gå bra denne gongen og!

Les heile “Russemamma i mai”
Reiel, Anette, Rolf og Mette

Konfekten må hentast på stasjonen klokka sju

Konfekten må hentast på busstasjonen klokka sju. Latter rullar gjennom landskapet – ”just in time”. Julehelsing med banken sin profil fylt med søte freistingar når akkurat fram til frukostmøte med næringslivet i Florø. Desember er hektisk. Akkurat like herlig hektisk som alle dei andre månadane i året.

Les heile “Konfekten må hentast på stasjonen klokka sju”
Nisse-mobil

Redda æra via SMS

Veit du at vi har 5 ulike måtar å overføre pengar mellom eigne konti på utanom banken? I tillegg til minibank og nettbank, kan det lett ordnast i mobilbanken, telebanken og SMS-banken. Det kan vere greitt å vite i desse førjulstider, når du står i kassakø på butikken og det ikkje er dekning på bankkortet. Mobilen er alltid med oss, og då kan ein kjapp SMS redde oss ut av ein pinleg situasjon.

Les heile “Redda æra via SMS”
Livets-koder

Eit kodefyllt liv

Har du tenkt på korleis kodane styrer livet vårt? 4-6 karakterer, små og store bokstavar, blanding av tal og bokstavar – og alt dette må vi lagre i pannebrasken. Tenk på følgjande skrekkscenario: du vaknar ein morgon og alle kodane har gått heilt i surr.

Les heile “Eit kodefyllt liv”
Dynamittharry_kort

Ja-person med humor og dynamitt

På IT-avdelinga i banken har vi ein kollega som sprer humør og latter rundt seg i kvardagen. Namnet er Jan Erik Bruland. Jan Erik har det til tider rimeleg travelt med datalinjer, telefonsystem, PC’ar og adgangssystem. Men uansett stressnivå er han blid og positiv, med ein kvikk kommentar til alle og mange gode historier på lager.

Les heile “Ja-person med humor og dynamitt”
Kundesenteret500

Stemma til banken

Eg kan ikkje fordra sentralbord der ei mekanisk stemme seier tast 1 for saldo,  tast 2 for å bestille, tast 3 for reklamasjonar , når eg vil snakke med nokon i bedrifta.  Og kva gjer eg når ingen av alternativa passar?

Les heile “Stemma til banken”

Gå til mobilutgåva