Er bank heilt uinteressant?
Av Arvid Andenæs | 11. februar 2011 |Det er sikkert dumt av meg å klage på mediainteressa for bank og finans i fjordfylke. Men eg ber om at de ser på dette meir som ei undringsmelding enn som ei klage…
Det er sikkert dumt av meg å klage på mediainteressa for bank og finans i fjordfylke. Men eg ber om at de ser på dette meir som ei undringsmelding enn som ei klage…
Folk i Sogn og Fjordane er smarte syns vi i sparebanken. Du og eg er smarte fordi vi er flinke til å betale for oss og til å spare pengar. Vi har med andre ord ein ryddig privatøkonomi og vi klarer å legge tilsides litt pengar. Dette likar vi i Sparebanken Sogn og Fjordane. Sjølvsagt er det kjekt for oss at kundane betalar låna sine og set pengar på sparekonto. Men det viktigaste av alt er ikkje nødvendigvis at dette er bra for banken, men at eg og du som bur her i fylket rett og slett får eit betre [...]
På Førde Industri- og Næringssamskipnad si bransjesamling nyleg, fortalte Agnar Hellenes i Hellenes AS om ”kva var utfordringane og kvifor lukkast vi”. På samlinga lanserte Hellenes begrepet ”kortreist kapital” – fordi han brukar Sparebanken Sogn og Fjordane som sitt banksamband. Dette var så godt påkomme at vi i Sparebanken Sogn og Fjordane straks adopterer begrepet.
Mi erfaring er at storleik har noko å seie. Ikkje minst når det gjeld kompetansemiljø. Difor har min draum vore å utvikle Førde til å bli så stort når det gjeld bankar og beslekta verksemd, at det blir attraktivt for dei som ønskjer ei karriere innanfor dette fagområdet. Som profesjonelle verksemder er vi heilt avhengige av å tiltrekke oss nye og kompetente medarbeidarar.