Søk om drakter til fotballaget ditt!

No kan fotballklubben din søke om å få gratis draktsett til spelarar i aldersklassane 6-10 år. Søknadsfrist 8.mars!

Vi er NFF Sogn og Fjordane sin hovudsamarbeidspartnar og deler derfor ut gratis drakter til minifotballen (6-10 år). I år gjer vi dette for tiande året på rad, og det vil bli delt ut draktsett til ein samla verdi på 125 000 kroner. Søknadsfristen er 8.mars.
Her finn du søknadsskjema.

Litt om draktene:
Draktene vil vere av merket Nike, modell Park VI, og dei vil ha reklame for Sparebanken Sogn og Fjordane på brystet og Intersport på bryst/skulder. Eit draktsett vil bestå av totalt 10 spelarsett med skjorte, shorts og strømper, av desse er 2 stk. keeperblusar. (Er i fargane raud, blå, gul, grøn, oransje, kvit og svart). Etter at søknadsfristen er ute vil heldige vinnarar bli trekt ut. Vi ønskjer at alle skal få draktene til Kongleriket miniputturnering 1, den  30.april.

Draktene skal vere i laget og gå vidare til neste gruppe av 6-10 åringar. Ved spørsmål kontakt Svein-Olav Myklebust på e-post: svein-olav.myklebust@fotball.no

NB! Laget må ha løyve frå klubbleiar til å søkje. Dette på grunn av lokale sponsoravtaler og bransjeeksklusivitet.

 

draktsett2014kongle

comments powered by Disqus