Slik blir dagsturhytta

dagshytte

Rojo arkitekter i Trondheim skal teikne dagsturhytta som skal byggjast på turmål i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Stiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd 5,2 millionar kroner til prosjektet.

– Vi har valt ut akkurat denne hytta fordi ho har mange gode løysingar både ute og inne, noko vi trur gjer det til ei spennande hytte å besøke. Der er fleire overbygde sitteplassar rundt hytta, og hytta fungerer som sosial møteplass i naturen. Ho passar inn i ulike naturmiljø, både ved sjøen, i høgfjellet og på veg til toppen, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dagsturhytta skal vere ein plass å gå inn, byte klede, ete nista si og få varmen i seg når ein er på tur. Alle kommunane i fylket har sagt ja til å byggje dagsturhytte på eit populært turmål i kommunen sin, nokre kommunar vil til og med bygge to. Plasseringa varierer frå høgfjellet til fjorden. Planen er at dei første hyttene skal stå ferdige i 2017, og i løpet av 2018 skal det vere mogleg å besøke «Sogn og Fjordane-hytter» i alle kommunane.

dagshytte2God kontakt med naturen
Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sittetrapper og sittebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden. Inne er det lesekrok og god plass til framheving av bøker. Hytta skal innehalde eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden.

Store vindauge og mykje lys skal skape god romkjensle og gi dei besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henge av seg ytterklede og setje frå seg sko.
«Sogn og Fjordane»-hytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. Fylkeskommunen administrerer prosjektet, kommunane skal bygge og vere ansvarlege for drifta av hyttene, og finansieringa vert utløyst av den tredjedelen som kjem frå sparebanken. Hyttene er godkjende for å søkje om spelemidlar.

Eit spleiselag
Stiftinga til Sparebanken i Sogn og Fjordane la 5,2 millionar kroner i hyttepotten då dei behandla saka sist veke. Stiftinga nyttar overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige prosjekt i fylket.

– Dette er eit av dei sprekaste prosjekta vi har sett på lang tid. Her får vi fleire folk ut i naturen på ein måte som er smart tilrettelagt, interessant, barnevenleg, som aukar tryggleiken, og som gir fylket eit flott fortrinn med omsyn til turisme. Forma på hytta er spenstig, samtidig gir ho assosiasjonar til eit telt, noko som folk kjenner att i norsk natur, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

– Fylkeskommunen er i gang med å skape «opplevingsløyper» på veg til hyttene, med kreative kunstinstallasjonar og skilting av stadnamn og kulturminne. Vi arbeider også med å utvikle ein app, som kan motivere turgåarar på veg til hyttene. Visjonen vår for dette arbeidet er fysisk aktivitet for alle, og vi håpar at denne hytta kan auke interessa for «nær-friluftslivet» blant folk i alle aldrar, seier Atle Skrede.

Det kom inn 21 forslag i arkitektkonkurransen om å teikne hytta. Dei som ikkje er valde ut, har frist på seg til 4. januar til å klage.

comments powered by Disqus