Over hundre Reodorspirer på plass på Protolaben


På Øyrane i Førde har Reodorklubben fanga mange si interesse i det siste. Og etter eit besøk blant robotane, 3D-printarane og loddeboltane forstår vi kvifor. 

Inne i elektrolaben er det fullt på alle bord. På eitt av dei sit Eirik Solheim Fleten, Markus Prestegård Dale og Fredrik Råheim. Her er det racerbilen til Markus som er under bygging.

– Det kjem nok til å ta litt tid å bli ferdig, men eg trur den skal bli bra. Eg vil at den skal gå fort, seier Markus.

Dei tre møter fast kvar veke, og har ingen planar om finne noko anna å gjere torsdagskveldane.
– Vi har halde på med slike ting på fritida før også, så det er veldig kjekt å kome hit, seier Eirik

– Eg har elektrofag på skulen, så eg har prøvd ein god del før, fortel Markus.

– Neste gong vil eg bygge noko som er endå større, eller går endå fortare, seier Fredrik.

Midt i virrvarret av ivrige ungar, loddeboltar, 3D-printarar og robotar, finn vi ein like ivrig Frode Steen. Han er mannen som starta Reodorklubben i lokala til Protolaben på Øyrane. Klubben har sprengt alle forventingar når det gjeld besøkstal og medlemmer, og skal vi tru ungane er dette vekas store høgdepunkt. Kvar torsdag frå halv seks og utover møtes dei, barn og ungdommar, gutar og jenter i alle aldrar. Då skal det skruast, demonterast for så og skape noko nytt. Gjenbruk er eit viktig stikkord når medlemmene i klubben set seg saman.

– Vi ønskjer å gi barna meistringsfølelse, og det trur eg vi greier. Foreldra er med og hjelper, og dei synst dette er like spennande som barna, fortel Steen.

Eineståande tilbud i Norge
– Det finst ikkje tilsvarande tilbud i Norge. Det finst kanskje liknande for vaksne, men ikkje for barn, så dette er heilt unikt, seier Frode Steen.

Skapargleda er stor og engasjementet er absolutt til stades. Sidan oppstarten for seks veker sidan har dei gått frå vel 50 oppmøtte til 160 medlemmer, og Frode er overvelda av interessa.

– Dette er eit fellesprosjekt for heile teknologimiljøet her på Øyrane. Vi har eit fantastisk lokale her på Protolaben, så er dette noko vi har snakka om i to år, og det er kjekt å sjå at vi endeleg kan realisere det. Vi trudde kanskje det ville kome 20-30 ungar, men dette er over all forventning, seier Steen.

I tillegg til respons blant deltakarane, har tiltaket også fått ein varm velkomst i næringslivet som villig støtter opp. Blant anna har Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt 3 millionar i gåve til Protolaben.

– Næringslivet tar kontakt og lurer på om det er noko vi treng av instruktørar eller utstyr, og det gjer det mykje enklare å drive kursverksemd. I tillegg har vi høyrt frå mange lærarar og studentar som vil kome å halde kurs, så vi har fått ei veldig positiv mottaking.

Denne torsdagen har luftambulansen tatt turen for å fortelje om korleis eit helikopter fungerer. Det går eit gisp gjennom forsamlinga i det helikopteret susar forbi dei store vindauga i høg fart inn i ein usving før det kjem tilbake og landar på parkeringa. Her er det fritt fram for spørsmål om helikopter og pilotyrket.

Kurs for store og små
I tillegg til og samlast kvar torsdag, har Frode Steen i samarbeid med næringsliv og skular, sett i gong kurs innan koding, 3D-printing, sveising og lodding. Desse har vore fullteikna, og Frode har allereie planar om fleire.

–  Vi lagar kurs etter behov, er det nye tema som burde vore med, så ser vi kven vi kan få inn som instruktør og så prøver vi å sette det opp. Alle kursa leggast opp på basisnivå for at alle skal kunne vere med.

Ein ekte Reodor
At Reodorklubben begynner å breie om seg, er det ingen tvil om. I dag var TV2 på besøk for å lage reportasje om den nystarta klubben. I tillegg har Aukrustfamilien fått med seg at det er ein liten klubb på Vestlandet som bruker namnet til kjente oppfinnaren i Flåklypa skapt av Kjell Aukrust.

–  Eg hadde ikkje tenkt på at det potensielt kunne vere eit problem, sidan vi trudde vi berre kom til å vere 20 ungar som møttes. Dei meinte tiltaket var så bra at dei gjekk med på at vi brukte namnet, og det er jo ein god måte å bringe historia vidare og at dagens ungar lærer seg kva det vil seie å vere ein ekte Reodor.

 

comments powered by Disqus