No har Tarjei sitt eige premieskåp i banken

height="534"
OFFISIELL OPNING: Tarjei Bø klypte snora med hjelp av medlemmer frå Markane IL

8 år etter at han mottok Furorestipendet stiller Sparebanken Sogn og Fjordane ut premiane til Tarjei Bø i lokala til banken i Stryn.

– Det er ei glede og ei stor ære få vise fram denne samlinga her hos oss, seier banksjef Odd Kjetil Tonning ved opninga.

Til no har premiane vore lagra i ein bankboks i kjellaren, men i fjor haust tok Tarjei Bø sjølv tok kontakt med banken for å lodde interessa på å stille dei ut. For heime ville han ikkje ha dei
– Mamma og pappa er for dårlege til å låse døra heime, og i leilegheita i Oslo ville eg ikkje ha dei i fare for å bli tilfreds med det eg har oppnådd til no. Derfor fall valet på banken, eg veit ikkje om noko tryggare plass i Stryn enn her, så her skal dei få det godt, smiler Tarjei.

Til stades under offentleggjeringa av premieskåpet var blant anna Eldbjørg Hatledal, leiar i Markane IL og foreldra til Tarjei. Markane er klubben Tarjei har vakse opp med, og ifølgje han sjølv hadde det verken blitt premiar eller behov for premieskåp utan klubben og foreldra i ryggen.
– Markane IL har betydd alt, det var jo der alt begynte og utan dei hadde eg ikkje vore her i dag, seier 29-åringen som saman med tre unge lovande talent frå klubben, klypte snora som markerte innviinga av premieskåpet.

 height=
STOLT BANKSJEF: Odd Kjetil Tonning er stolt over å stille ut Tarjei sine premiar i bygda.

– Gledeleg å få gjere stas på ein tidlegare Furorevinnar
Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt eit langt samarbeid med Markane IL og har vore sponsor for idrettslaget i over 15 år.
– Vi i banken  sponsar ikkje enkeltutøvarar, men deler i staden ut Furorestipend til dei som utmerkar seg. Sponsoravtalane våre gjeld i hovudsak lag og organisasjonar som satsar på breiddeidrett for barn og unge i eit langsiktig perspektiv, fortel Odd Kjetil Tonning.

Han meiner sponsoravtalen med Markane viser at ein kan løfte fram toppidrettsutøvarar også i små klubbar på bygda.
– At vi står her i dag er eit bevis på at klubben gjer mykje rett i arbeidet sitt, og så er det ekstra gledeleg å gjere slik stas på ein tidlegare Furorevinnar, seier Tonning.

I 2009 mottok Tarjei Bø Furorestipendet på 50 000 kroner. Allereie same sesongen fekk han sitt store gjennombrot med OL-gull på stafetten i Vancouver. Tonning nytta høve til å minne Tarjei på at nettopp OL-gull var eitt av måla då han mottok stipendet, i lag med VM-gull i 2013.
– Nokre meinte kanskje at dette var hårete mål for ein 21-åring, men no heng begge bevisa på at desse måla er oppfyllt her i banken, seier Tonning.

Lovar å fylle opp skåpet
I skåpet glitrar og skin det av premiane frå Bø si karriere som senior.  Premien som betyr mest for han er samanlagtsigeren i verdscupen i 2011.
– Det er vanskeleg å velje, men for å vinne samanlagtsigeren må ein vere god over så lang tid, så det må vere den som betyr mest, seier han.

No er målet å fylle opp med endå fleire medaljar.
– Skåpet såg veldig stort før premiane kom på plass, men resultatet blei bra når vi tok med litt andre ting enn berre premiane som til dømes gulljakka. Og no må eg jo vinne meir slik at eg held Johannes bak meg, viss ikkje må kanskje banken utvide her med to skåp, seier han og ler.

comments powered by Disqus