Milliongåve plasserer Helse Førde i teknologifronten

 

20170206_130114-750
ER DU KLAR?: Adm. direktør Trond Teigene meiner Fjordomics-prosjektet har ein stor samfunnsverdi, og stilte til blodprøve utført av bioingeniør Anne Magerøy. Bak står forskarnae Tarja og Olav Kvalheim, og adm. direkør ved Helse Førde, Jon Bolstad. 

Ei gåve på 3 millionar kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane gir Helse Førde tilgang til ny medisinsk teknologi som kan revolusjonere måten helsevesenet jobbar på og gi pasientane moglegheit til å førebygge utvikling av livsstilssjukdommar. 

Fjordomics heiter prosjektet, som fokuserer på analyse av blod for å avdekke risiko for utvikling av livsstilsrelaterte sjukdommar. Resultata vil brukast for å starte førebygging, og også for å finne rett behandling til den enkelte pasient dersom sjukdom er påvist.

Forskarektepar har utvikla unikt dataverktøy
Bak prosjektet står ekteparet og forskarane Tarja Rajalahti Kvalheim og Olav Martin Kvalheim. Ho er sivilingeniør i kjemiteknikk og har doktorgrad i bruk av avansert data-analyse for medisinsk diagnose, han er kjemiprofessor. Saman har dei utvikla og teke i bruk dataanalysane som er basert på avanserte matematiske modellar når blodet ditt blir undersøkt.

– Om du tok ei vanleg blodprøve tidlegare målte du til dømes glukose eller korleis kolesterolnivået var. Men vi ser på fleire ting samtidig og ser etter mønster. Det er desse mønstera som kan seie noko om kor vidt du kan bli sjuk eller om du vil halde deg frisk, forklarar Tarja.

Under dagens pressekonferanse takka Jon Bolstad for gåva frå sparebanken som har fått fleire andre investorar til å hive seg med på prosjektet.
Under dagens pressekonferanse takka Jon Bolstad for gåva frå sparebanken som har fått fleire andre investorar til å hive seg med på prosjektet.

Lokal gåve fekk ballen til å rulle
Milliongåva frå Sparebanken har utløyst ytterlegare knappe 10 millionar kroner i støtte frå Universitetet i Bergen, Helse Bergen og den Trond Mohn-finansierte Bergens Forskningsstiftelse. Totalbeløpet på 12.6 millionar går til innkjøp av eit instrument som skal stå i Bergen, og skal driftast av personell på Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen. Gåva frå Sparebanken sikrar dei to forskarane open tilgang til denne avanserte teknologien og forskingslaboratorium, i motsetnad til tidlegare då blodprøvene blei analysert på ein plattform på NTNU i Trondheim, der eit liknande instrument står, men duoen ikkje nok tid tilgjengeleg.

– Den samfunnsnyttige helsegevinsten i dette er utruleg viktig, og derfor er vi stolte over å bidra, og ikkje minst når denne gåva utløyste dei andre investeringane. Dersom ein klarer å redusere tilfelle med livsstilssjukdommar som kols, overvekt eller diabetes, vil det spare samfunnet og menneske for store kostnader. I tillegg vil prosjektet skape ei verdiskaping innan helsesektoren med tanke på kompetansearbeidsplassar lokalt, seier adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Planlegg lenger enn dagen i dag
– Det unike her er kompetansen til Kvalheimekteparet i kombinasjon med det nye instrumentet i Bergen. Ved å ha desse to her lokalt får Førde ei hovudrolle internasjonalt når det gjeld forsking på metabolomikk. Dette gjer at Helse Førde står heilt fremst når det kjem til ny forsking og innovasjon innan helse, seier Jon Bolstad, direktør i Helse Førde.

Prosjektet har blant anna stor betydning for forståinga av samanhengen mellom fysisk form og hjarte/kar-helse på individnivå. Metodane har allereie vore brukt i det såkalla ASK-prosjektet, som mottok gåve frå Sparebanken i fjor vår, der blodprøver av alle 10-åringer i Sogn og Fjordane frå eit årskull blei analysert.

– Dette understreker at teknologien kjem til å få ein viktig plass i førebygging med påvising av risiko og hindring av utvikling av sjukdom, og at det du gjer med kroppen i dag kan få positive eller negative konsekvensar for morgondagen og framtida, seier Tarja Kvalheim.
Meir om prosjektet og teknologien finn du på www.fjordomics.com.

comments powered by Disqus