Meir Torsheim-kunst ut til folket

Sparebanken Sogn og Fjordane gir 300 000  i gåve til innkjøp av over 30 verk av Oddvar Torsheim. 

Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) si hovudoppgåve er å forvalte og formidle sentrale kunstverk av kunstnarar frå regionen. Oddvar Torsheim er ein av dei mest sentrale kunstnarane frå Vestlandet.

– Vi er utruleg glade for at Torsheim får ei velfortent ordning, slik at vi veit at kunsten hans blir i Førde, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Pengane har stått klare sidan 2012, men ein har venta på ei god løysing slik at kunsten blir tatt godt vare på og stilt ut på ein god måte. Det har no Sogn og Fjordane Kunstmuseum fått på plass.

– Vi hadde berre 18 verk. Det var alt for lite av ein så sentral kunstnar, ikkje berre lokalt, men også nasjonalt, seier Janne Leithe, direktør for kunstmuseet.

Avdelingsdirektør ved SFKM og museumsstaben har saman med Oddvar Torsheim og Jorunn Torsheim utarbeidd eit utval verk (ei ynskjeliste) som no vert ein del av SFKM si samling. Det er særleg Torsheim si viktige rolle som samfunnskritikar i perioden 1965-1980 som vert kjøpt inn til samlinga.

visit site

comments powered by Disqus