Korleis få stipendet til å strekke til?

Det er ingen hemmelegheit at det følgjer ein del utgifter med studietida og at det kan vere vanskeleg å dekke desse med dei månadlege utbetalingane frå lånekassa. Men med eit månadleg budsjett kan du få kronene til å vare litt lenger, og her viser vi deg korleis!

Som student i Norge kan ein få utbetalt eit totalbeløp per semester på 51 975 kr ved opptak av maksimum lån + stipend.  Dette inkluderer ei førstegongsutbetaling på 20 790 kr i januar, samt månadlege utbetalingar på 7 796,25 kr til og med mai. Etter å ha vore student i Bergen i tre år, veit eg kor fort desse tusenlappane forsvinn ut igjen av kontoen. Med eit månadleg budsjett og ved å fordele storstipendet som kjem i januar ut over dei andre månadane, kan du få litt meir å rutte med resten av året.

stipend-400Få oversikt – sjekk kontoen
Før du set deg opp eit budsjett vil det vere lurt å gå gjennom tidlegare kontoutskrifter og sjå kva du faktisk brukar pengar på. Dette er ein god moglegheit for å avdekke gamle «syndarar» på. Småutgifter som snacks i kantina osv. blir fort store summar. Mange har kanskje ein tanke om kva dei brukar pengar på, men denne tanken er i dei fleste tilfelle ikkje like realistisk. Bruk av budsjett vil derimot kunne gi deg ei full oversikt over komande inntekter og utgifter, med andre ord; kontroll over din eigen økonomi.

Her er vårt forslag til eit studentbudsjett. Vi har laga eit eige budsjett for januar, sidan den månaden bringer med seg både større utgifter og storutbetaling frå Lånekassen. Vidare er storstipendet fordelt utover månadane til og med mai. Her har vi tatt utgangspunkt i prisar for ein student i Bergen. Nokre av utgiftene kan derfor variere litt frå stad til stad.

Lær å prioritere
Utgiftene vi har tatt utgangspunkt i er generelle, og vil nok variere frå person til person. Det vil difor vere viktig å setje opp eit budsjett som er tilpassa deg og ditt forbruk. Det er uansett sikkert at dersom ein skal etterleve eit budsjett, så kan ein ikkje takke ja til å gå på kino kvar søndag, kjøpe sushi fleire gongar i månaden, og reise på byen torsdag, fredag og laurdag. Den siste runda på byen passar heller ikkje inn i eit studentbudsjett. Likevel betyr ikkje bruk av budsjett at du skal takke nei til alt det sosiale og kjekke studielivet har å tilby. Bruk av budsjett handlar vel så mykje om bevisstgjering.

stipend-februar-400Gjer endringar undervegs
For å kunne etterleve budsjettet som er satt opp vil det vere viktig å sjå tilbake på forbruket undervegs, og korrigere der det er nødvendig. Nokre postar er kanskje satt for høgt, andre for lågt.

Ei ekstra inntekt vil for mange vere nødvendig for å ikkje gå i minus kvar månad. Dette anten ved arbeid i feriar der ein fordeler inntektene ut over, eller ein deltidsjobb. Sjølv har eg ein deltidsjobb som gjer at eg kan ha eit litt friare forhold til kva eg brukar pengar på. Men, vi er likevel studentar, og vi har alle godt av å leve litt «trangt».

Alt i alt vil bruk av budsjett gi deg moglegheit til betre kontroll og oversikt over eigen økonomi.

 

comments powered by Disqus