Fullt hus på fylkesmessa

Idrettshallen i Førdehuset var i dag fyllt opp av unge gründerar med nystrøkne skjorter, nerver i høgspenn og store idear. I dag gjekk nemleg Ungt Entreprenørskap si fylkesmesse for elev- og ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane av stabelen. 

20170314_132035-410
Mathias Rinde og Anders Lereng ønskjer seg lykkelege festivaldeltakarar ved å halde dei tørre på føtene.

Ca. 30 bedrifter står på stand for å vise seg fram, enten det er eit produkt eller ei teneste dei tilbyr. Prisar skal delast ut, og ein fagleg jury er på plass for å dømme i klassar som blant anna: beste rekneskap, beste marknadsføringstiltak, beste HR-bedrift, beste forretningsplan og beste ungdomsbedrift.

Festivalsokken vant beste ungdomsbedrift
Ei av bedriftene som står på stand er ShoeSaver, eller festivalsokken som dei også kallar produktet sitt. Ideen er ein stor og romsleg plastsokk med såle, som du har utanpå skoa til dømes når du skal festival eller andre plassar der vatn møter jord. Bedrifta består av seks gutar frå Årdal og på standen møter vi to av dei, Anders Lereng og Mathias Rinde.

– Vi fekk ideen etter at vi var på Målrock i fjor. Skoa våre var gjennomvåte og såg ikkje ut etterpå. Derfor ville vi prøve å kome opp med noko som kunne beskytte skoen og halde oss tørre på beina, fortel Lereng.
Prototypen blei lagd, og blei etterkvart vidareutvikla. No har bedrifta fått avtale med Målrock som ønskjer  selje sokken på årets festival.

– Det er ein stor avtale for oss, og så er det kjekt at festivalen der ideen først oppstod no tar inn produktet vårt. Då oppnår vi målet vårt, nemleg å halde festivaldeltakarane tørre. For ein tørr festivaldeltakar, er ein lykkeleg festivaldeltakar, smiler Lereng, og legg til:
– I tillegg har vi fått avtale med ein bilprodusent som ønskjer å ha desse i nybilar for å beskytte golvet, fortel Lereng.

Under prisutdelinga stakk bedrifta av med prisen for beste ungdomsbedrift og hausta mykje ros frå juryen. Fleire av jurymedlemmene uttrykte også misunning for elevane som får vere med på ei elev- eller studentbedrift, og alt dei får lære der.

Sjå heile resultatlista frå dagens fylkesmesse 

20170314_131416-410
Eivind Husabø og Jørn Helgheim i UE Sogn og Fjordane feirer 20 år med glitter og glam.

20 år med entreprenørskap
I år feirer Ungt Entreprenørskap 20 år, og Sparebanken Sogn og Fjordane har vore sponsor for lokallaget sidan deira oppstart i 2000. I dag blei fylkesmessa for elevbedrifter og fylkesmessa for ungdomsbedrifter slått saman til ei stor messe der entreprenørskap, idear og inspirasjon skulle hyllast og delast. Jørn Helgheim og Eivind Husabø i UE Sogn og Fjordane er godt fornøgde med dagens arrangement.

– Vi ville effektivisere litt, og samstundes gi elevbedriftene på ungdomsskulen moglegheita til å lære litt av bedriftene til vgs-elevane. Dei er komne ein del lenger, og ungdomskuleelevane har nok mykje å lære av dei. Ved å slå saman desse to, håpar vi å få til meir kunnskapsdeling, og gjere ungdomsskulelevane meir førebudde når dei sjølve begynner på vidaregåande og skal ha ungdomsbedrift, seier Helgheim.

comments powered by Disqus