BSU på 1-2-3

 

Med stigande bustadprisar og eit eigenkapitalkrav på 15% vert det vanskelegare og vanskelegare for unge å kjøpe eigen bustad. Dersom draumeleilegheita di kostar 2,5 millionar betyr dette at du må ha ein eigenkapital på 375 000,-.  Det gjeld å vere forut, og starte sparinga så tidleg ein berre kan.  

Gunstig skattefordel og gode sparevanar
Er du mellom 18 og 34 år er første bod angåande bustadsparing; spar på BSU så sant du har skattbar inntekt! I tillegg til banken si beste sparerente vil du få ein skattefordel tilsvarande 20% av det du sparer på kontoen i løpet av året. Sparer du det årlege maksbeløpet på 25 000 kroner, blir dette altså 5000 kroner i skattefrådrag. Det er denne skattefordelen som gjer BSU-sparing ekstra gunstig.

Innanfor den årlege sparegrensa på 25 000 kroner og den totale grensa på 300 000 kroner, kan du spare det du vil, og når du vil. Det er ikkje noko krav om at du må spare eit månadleg beløp på kontoen, men å legge seg opp ein månadleg spareavtale kan vere lurt. Å venne seg til månadleg sparing er å gjere seg opp ei god vane. Det er heller ingen kostnader eller forpliktingar ved kontoen utanom at pengane er meint å skulle brukast på bustad.

Bruke BSU-kontoen?
Pengane som du set inn «låser seg» på BSU-kontoen over nyttår. Det betyr at pengane du har spart i løpet av året vil vere disponible fram til 31.12 dersom det skulle verte krise og du treng pengane. Ønskjer du å bruke kontoen til bustadkjøp eller nedbetaling av lån, er det ikkje noko krav at den må vere fyllt opp, men det er lurt å tenke seg om før du bruker kontoen fordi du må avslutte heile kontoen, og får ikkje moglegheita til å opprette ny BSU-konto seinare. Føresetnaden for å bruke BSU-kontoen til nedbetaling av lån er at kontoen er oppretta før du kjøpte bustaden. Har du bustad frå før får du ikkje bruke BSU-pengane på denne bustaden dersom kontoen er oppretta etter bustaden vart kjøpt. Derfor er det inga ulempe å ha kontoen på plass i nettbanken sjølv om ein ikkje har anledning til å spare for fullt med det første.

Har du ikkje skattbar inntekt? Sjekk ut bustadsparekontoen
Ein bør avvente BSU-sparinga til ein har skattbar inntekt for å dra mest mogleg nytte av skattefordelen på 5000 kroner. For dei som ikkje har skattbar inntekt, og for dei som ønskjer og har anledning til å spare meir enn øvre grense på BSU, er bustadsparekontoen eit godt alternativ. Kontoen har bankens nest beste rente, men har ikkje tilsvarande skattefordel. Ein går dermed ikkje glipp av ein skattefordel ved å spare på denne kontoen når ein ikkje har skattbar inntekt. På Bustadsparekonto kan du spare 30 000 i året, og 300 000 totalt.

noklar-450Fyll opp tidleg for å få mest mogleg rente
Det mest lønsamme vil vere å fylle opp sparekontoane i byrjinga av året. Jo tidlegare du set pengane inn på konto, desto meir rente oppnår du i løpet av året. Har du 25 000,- meir enn du treng til uventa utgifter ståande på ein vanleg sparekonto, vil du med fordel kunne sette desse på BSU eller bustadsparekonto i januar. Dei aller fleste har ikkje anledning til å fylle kontoane opp til årleg maksgrense allereie i januar. Ei meir realistisk spareform og eit godt tips er å lage seg ein månadleg spareavtale der du set av så mykje som du har anledning til å spare i månaden. Set deg ned og reflekter over kva du brukar pengar på og kor mykje pengar du treng å sette av til/ha ståande som ein buffer for uventa utgifter. Deretter sjå kva du har i «sparepotensiale». Ofte bruker ein meir pengar på ufornuftige ting enn ein er klar over. Ver bevisst på eigen pengebruk, og sjå framover. Med ein god spareplan er du eit hakk nærare bustaddraumen din.

comments powered by Disqus