Bli med på kundetur til Savalen

I år går kundeturen vår til Savalen. Vi skal mellom anna besøke Røros og Aukrustsenteret i Alvdal. Vi får dessutan oppleve fjellheimen i Nord-Østerdalen. Og Savalen Fjellhotell er ei perle i seg sjølv og er kjent for heimelaga mat, hyggeleg vertskap og dans kvar kveld.  Atle Søreide og Alvdis Solvang er med som reiseleiarar og er klare for ein fin tur i lag med deg!

Spørsmål og påmelding ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå på tlf: 57 72 50 70 eller fjordane@travelnet.no 

Program


Reisefakta

  • 4 dagar
  • Avreisedato 18.august. Returdato 21.august
  • Turpris: 6690 kr. Tillegg enkeltrom: 750 kr
  • Påmelding til fjordane@travelnet.no
    eller tlf. 57 72 50 70

  • Inkludert i prisen:

    • Turbuss frå Firda Billag
    • 3 frukostar, 4 lunsjar og 3 middagar
    • 3 overnattingar i dobbeltrom på Savalen Fjellhotell
    • Utflukter som er omtala i program
    • Aktivitetar som Savalen Fjellhotell skipar til
    • Reiseleiarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane

    Dag 1: Fredag 18. august
    Førde – Savalen via Sognefjellet
    Turbussen har avgang frå Førde kl 10.00. Buss samband frå Sandane kl 09.30 til Skei.
    Samband med buss frå Askvoll kl 08.10, Holmedal kl 08.30, frå Florø kl 08.45, Eikefjord kl 09.10 og frå Naustdal kl 09.30. Buss/ferje frå Kalvåg 07.40.

    Første etappe går over Skei til Sogndal og over Sognefjellet til lunsj på Elveseter Kunst- og Kulturhotell.
    Vidare forbi Otta, Ringebu, Atna og Alvdal til Savalen Fjellhotell. Innsjekk og velkomst før det vert fellesmiddag kl 20.00 og sosialt samvære. Ein svingom gjer godt for kroppen etter ein lang busstur.

    Dag 2: Laurdag 19. august
    Heildagsutflukt til Røros m/lunsj
    Vi reiser frå Savalen etter frukost på heildagsutflukt til Røros. Undervegs passerer vi Tolga, heimstaden til Egil Storbekken og Os med Hummelfjell før vi kjem til gruvebyen Røros. Her er gruvedrifta nedlagd og andre næringar har teke over, men det meste av byen er som den var, og minna er mange. Vi besøker den gamle smeltehytta for kopar som no er eit av dei flottaste musea i landet. Sjølvsagt er vi også innom Røroskjerka, ei av dei største kyrkjene i landet, før det er tid for felleslunsj på Kaffistuggu. Det vert litt tid på eigahand før vi set kursen «heimover» og er tilbake på Savalen i 17-tida. Til middag er det dekka eit stort «Østerdalsbord» med stort utval av varme og kalde rettar. Etterpå er det tid for trimming av dansefoten.

    Røros
    Bergstaden Røros

    Dag 3: Søndag 20. august
    Tur til Aukrustsenteret i Alvdal
    Her får vi ein rundtur i Kjell Aukrust si fantasifulle verd. Med forteljingane om Steijela, Sandeggbakken og knokkelkampane mellom Tynset og Alvdal har Kjell Aukrust for alvor sett bygda på kartet. Blant teikningar, måleri, forteljingar og oppfinningar møter vi det frodige persongalleriet frå Flåklypa. Vi reiser tilbake til hotellet for ein god lunsj.

    Etterpå er tida til fri disposisjon. Ta gjerne del i aktivitetstilbodet som er på hotellet. Fellesmiddag og sosialt samvær søndag kveld på hotellet.

    Dag 4: Måndag 21. august
    Savalen – Førde over Strynefjellet 

    Reiseruta går over Hjerkinn til Otta og vidare til Bismo, med lunsj på Skeid Kro. Vi held fram over Strynefjellet til Stryn. Vidare over Utvikfjellet til Byrkjelo, der det vert samband med rutebuss til Sandane. Turbussen held fram til Førde. Samband med buss til Askvoll og Naustdal, Eikefjord og Florø.

    comments powered by Disqus