Leknesvatna

Konge i eige liv

Eg er sikkert ein av desse maniacane som brukar det meste av fritida på å springe i fjellet. Ok. Eg godtek det. Trening er ferskvare. Det har gått i blodet. Som blått blod. Konge i eige liv. Vel, det er sikkert ikkje heilt sant, alt, men av og til kjennest det nesten slik ut. Når du har kome deg til toppen av fjellet, og kan speide ut over alt og alle som ligg for dine føter, er det ei brusande kjensle. Ein All Time High. Endorfinane boblar or øyra. Og når du så kjem deg heim att, mett og god på naturopplevingar, flotte bilete, god sjølvkjensle, og nådd mål, er madamen flottaste pin-upen i verda , og hus og heim eit skinande slott (dalingar har eit lag med å overdrive… :-).

Les heile “Konge i eige liv”

Gå til mobilutgåva