rosetog

Du og eg på prøve

17. mai-tog den 25. juli 2011. I tog for fred, fridom og demokrati, midt på sommaren. Noko slikt har neppe nokon av oss opplevt før. For mitt vedkomande vart det ei markering til ettertanke. Rundt meg i toget i Førde gjekk minst 2.000 menneske, unge som gamle, mørke som kvite, folk med stav, folk i rullestol. Med eitt fekk desse verdiane som vi nesten ler av på nasjonaldagen, fordi vi tek dei for gjett, eit fornya innhald. Fred utan vald, fridom utan frykt, demokrati bygt på respekt har på nytt blitt kampsaker etter den ufattelege massakren på Utøya og i Oslo.

Les heile “Du og eg på prøve”
hurtigruta300

Norge på sitt beste

Verdas lengste TV-program på 5,5 døgn fenga det norske folket. Over 2,5 millionar nordmenn ”sigla” med nrk2 langs norskekysten og let seg fasinere av landskapet, folkelivet og ikkje minst det himmelske kveldslyset i nord. Sjølv statsministeren vart sitjande å glane og kommenterte på si Twittermelding at ”dette er Norge på sitt aller beste.”

Les heile “Norge på sitt beste”
arve-presse-energiguiden3

Siste nytt om framtida

40 prosent av energiforbruket i Norge skjer innomhus. Eit plusshus skal ved hjelp av isolasjon, varmepumper og solpanel lage meir energi enn det brukar. EU-utval foreslår at innan 2019 skal alle, nye hus vere netto leverandør av energi. Over ein milliard menneske har ikkje nok mat til å ete seg mette.

Les heile “Siste nytt om framtida”
skaala_himmel_hav

Mellom himmel og fjord

Spørsmålet dukkar opp kvar vår. Kvifor i all verda plukke fram skia, vottane og stillongsen når vi endeleg er kvitt vinteren, snøen og kulden? Jakta på kontrastar, svarar eg og blir møtt med eit skuldertrekk.

Les heile “Mellom himmel og fjord”
mat

Ja takk til dyrare mat

Det er berre å innrømme. Eg er ein særing som ikkje kan rekne meg til folk flest. Ifølgje matkjedeutvalet er det norske folket ekstremt opptatt av billeg mat og handlar først og fremst i dei billegaste matvarebutikkane. Eg handlar i dei dyraste og meiner at jamvel der er maten for billeg.

Les heile “Ja takk til dyrare mat”
Difi_Jacob

Norgesmeistrar etterlyst

Sysselsettingsveksten i Norge dei siste åra har først og fremst kome i offentleg sektor og privat tenesteyting. For første gong har Sogn og fjordane ein like stor andel i offentleg sektor som resten av landet. I privat tenesteyting derimot heng fylket framleis etter.

Les heile “Norgesmeistrar etterlyst”
Vestervon

Fiskarane har klart det

Det blir ofte sagt at fiskerinæringa ikkje kan konkurrere med oljeindustrien i løner og arbeidsvilkår. Dette er ein vesentleg grunn til at unge menneske heller vel supplybåten enn fiskebåten og at snittalderen på fiskarane går opp. Slik er det ikkje lenger.

Les heile “Fiskarane har klart det”
Bente Nesse

Verdsklasse i Leirvik

Har du vore på eit skipsverft nokon gong? Får du sjansen må du ta han. Å sjå korleis ingeniørar, elektrikarar, røyrleggarar, målarar og snikkar skaper eit teknisk vedunder er uforgløymeleg.

Les heile “Verdsklasse i Leirvik”
Therese Felde Haugseth og Tore Hillestad har etablert seg i Førde som arkitektar og med nytt, moderne hus. Velstandsauken i Sogn og Fjordane har vore formidabel det siste tiåret. Anslagsvis er det investert rundt 50 milliardar kroner, først og fremst i nye eller oppussa bustadhus.

Plassen for eit rikt liv

Fråflytting og stagnasjon har vore stikkord på utkantfylket Sogn og Fjordane. Det stemmer dårleg med firdobla utlån i fylkets største bank. Anslagsvis har innbyggarane i Sogn og Fjordane investert rundt 50 milliardar kroner sidan millenniumsfesten i år 2000.

Les heile “Plassen for eit rikt liv”
På drage på Stadt produserer Ann Kristin Føysa Leikanger og Sverre Leikanger for 8 millionar kroner i året.

Hatten av for bøndene

Norsk landsbrukspolitikk er mislukka, skreiv den kjende Høgremannen og økonomiprofessoren Victor Nordman i Dagens Næringsliv laurdag 24. februar. Nordman viste til at landbruket ikkje har klart å halde oppe sysselsettinga på landsbygda, ikkje sikre heiltidsbonden, ikkje hindre at åker og eng gror igjen. Derimot har norsk landbrukspolitikk, i følgje Nordman, klart å gjere bøndene til sosialklientar og øydelegge innovasjonskraft og omstillingsevne i landbruket.

Les heile “Hatten av for bøndene”

Gå til mobilutgåva