50 000 til innkjøp av julegåver og mat

Renate Håvåg

Etter at dei sjølve måtte ha økonomisk hjelp til å feire jul for to år sidan, bestemte Renate Aralden Håvåg og Thomas Karlsen seg for at dei i år ville gi noko tilbake og hjelpe andre til å få ei fin julefering. Årets julegåve frå banken går derfor til arbeidet deira med innkjøp av julegåver og mat til familiar som er i vanskelege situasjonar. 

–  Det betyr mykje at banken vil vere med å støtte oss i dette. Eg sende ut fleire førespurnader til bedrifter i fylket om dei ville bidra og har fått mange positive svar, og gåva frå Sparebanken er absolutt over all forventning. Eg hadde aldri trudd eg skulle få ein så stor sum, seier Håvåg.

I staden for å gi julegåve til bedriftskundane sine, gir banken kvart år ei pengegåve til ein veldedig eller frivillig organisasjon.

–  I år ville vi tenke litt nytt og bestemte oss for å støtte Renate og Thomas med 50 000 kroner til innkjøp av gåver og mat. Dette er familiar som kanskje kvir seg for å be om hjelp, og som elles kanskje ikkje hadde fått feire jul. Derfor er det ekstra kjekt å kunne bidra, og eg syns arbeidet som blir gjort her er veldig viktig, seier banksjef Roy Stian Farsund, som saman med marknadssjef Gunn Aase Moldestad overrekte gåvesjekken.

Stort behov for hjelp
Totalt har dei to så langt hjelpt 51 familiar, og av desse blir ca. 30 direkte hjelpte av gåva frå Sparebanken, men det er framleis fleire som treng både mat og gåver.

–  Viss det er fleire som har lyst å vere med å gi gåver eller mat, så er behovet framleis der. Hos oss er heile familien i sving, med alt frå innkjøp, innpakking, overlevering, rekneskapsføring og transport. Eg har pakka inn så utruleg mange gåver, og i tillegg krev prosjektet ein del logistikk. Det tek mykje tid, men det er godt å kunne hjelpe, spesielt når vi har vore i same situasjonen sjølv, seier Håvåg.

Og nettopp det at dei har vore i same situasjonen trur Håvåg er med å senke terskelen for at andre tek kontakt og ber om hjelp.

– Tilbakemeldingane og reaksjonane blant dei som får hjelp er mange. Det er mange sterke historier der ute, og fleire av mottakarane gret når vi seier at vi skal hjelpe dei. I tillegg blir eg og Thomas som eit nøytralt mellomledd når vi overleverer gåvene og maten. Mange av mottakarane vil heller møte oss enn avsendaren av gåvene, fortel ho.

Overleveringa er den kjekkaste biten
Håvåg fortel at nokre familiar ønskjer hjelp til julegåver, medan andre også mottar ei julekasse fyllt med mat. Gåvene er alt frå leikar, klede, gåvekort i ulike butikkar eller restaurantar og familiespel.

Renate og Thomas trur prosjektet vil ta mykje tid heilt til julefreden senkar seg i Stongfjorden. Men det å sjå lettelsen og gleda i ansikta til dei som får hjelp, gjer det verdt kvart einaste minutt ifølgje Renate.

– Så langt har det gått veldig bra med mange takknemlege og tårevåte møter med menneske som har fått letta ei tung bør frå skuldrene sine, seier Håvag.

–  Dette er den kjekke biten; å møte dei vi hjelper og sjå reaksjonane av arbeidet vårt, smiler Karlsen.

 

comments powered by Disqus