Utplassert i banken
Etter fleire månadar med telefonsamtaler, tallause e-postar og søk på google hadde det framleis ikkje gitt noko resultat. Eg og ei vennine hadde hatt planen klar; vi skulle på utplassering i ei mediebedrift i utlandet! Lettare sagt enn gjort for å sei det slik. Utplasserings-vekene byrja å nærme seg rimeleg fort, og eg hadde nesten gitt opp å finne ein utplasserings-plass. Men så skulle skulen min på eit kurs hos Sparebanken Sogn og Fjordane, kalla “Frå utdanning til jobb”.
Der oppdaga eg blant anna at banken dreiv med mykje anna berre bank. På huset hadde dei blant anna ei marknadsavdeling, og eg tenkte at eg kunne spørje dei om eg kunne vere der ei veke på utplassering, og det fekk eg!
“Ein lærer veldig mykje av å vere på utplassering i ei bedrift” Det er orda læraren ofte nok har preika om dette året, men ærleg talt, kunne ein lære så mykje av det då? Det var min tanke før eg hadde vore på utplassering. No er tonen noko anna, ein lærer faktisk veldig mykje, etter utplasseringa denne veka har eg lært meir om korleis ei bedrift fungerar, og kva dei tilsette faktisk driver med. Banken var langt frå det eg hadde trudd. Mi oppfatning var at alle gjekk rundt i dress og mappe under armen, med strenge og uttrykkslause miner i ansiktet. Men etter dette besøket har eg fått ei heilt anna oppfatning på banken. Dei som jobber der er alltid i godt humør, kan dra ein spøk og gjer ein bra jobb. Berre det å få inntrykket av, og å få oppleve korleis det er utanfor klasserommet, er spennande og noko å vekse på.
I løpet av denne veka har eg fått vore med på mykje spennande, som eg ikkje trudde hadde noko med bank å gjere. Blant anna å sitte med ei saks i handa og klippe ut etikettar og henge på 5- kroningar til eit messestunt. Eg har også fått vore med på bankrelaterte ting, som interne møte. Og det var faktisk ganske spennande. No hadde eg ikkje slik innsikt og kunnskap at eg kunne bidra med innspel akkurat, så eg var jo berre med på det, men likevel. Så konklusjonen eg sit att med etter dette besøket, er rett og slett at Sparebanken Sogn og Fjordane er så mykje meir enn berre ein bank.