Konge i eige liv
Eg er sikkert ein av desse maniacane som brukar det meste av fritida på å springe i fjellet. Ok. Eg godtek det. Trening er ferskvare. Det har gått i blodet. Som blått blod. Konge i eige liv. Vel, det er sikkert ikkje heilt sant, alt, men av og til kjennest det nesten slik ut. Når du har kome deg til toppen av fjellet, og kan speide ut over alt og alle som ligg for dine føter, er det ei brusande kjensle. Ein All Time High. Endorfinane boblar or øyra. Og når du så kjem deg heim att, mett og god på naturopplevingar, flotte bilete, god sjølvkjensle, og nådd mål, er madamen flottaste pin-upen i verda , og hus og heim eit skinande slott (dalingar har eit lag med å overdrive… :-)
Vel, no spør du kanskje kva i all verda dette har med bank å gjere? Nei, reint fagleg er det sikkert ikkje så mykje å hente rundt om i fjella. Men ein ting har eg lært meg i snart 30 år i banken, og det er at bankfolk er heile menneske som andre. Familie, fritid og jobb går hand i hand. Har du det ikkje bra på det eine området, fungerer det heller dårleg på dei andre òg.
Som 50+ har ein sjølvsagt vore gjennom mange livsfasar. Prøving og feiling. Og fått gode råd frå andre når det storma rundt øyra. Det fantastiske arbeidsmiljøet eg har opplevd i banken i alle dagar, har blitt ein enorm personleg styrke. Fjella gir meg i tillegg energi og overskot. Overskot til å nå måla mine. Ikkje minst vinterdagen når vinden hyler rundt øyra, kulden riv deg til beinet og snøen rekk deg til knea. Motbakkane er tunge då, men har du motivasjon og erfaring tar du dei. Som elles i livet og i banken. Det gjeld berre å lære seg å ikkje gje seg. Ja, vinsten i målet smakar så uendeleg mykje betre òg då når du har slite for det du vil nå.
Og hugs: Det e itjnå som kjem tå sæ sjøl.
Red: Gustav er ikkje berre ein ivrig turgåar men også ein aktiv bloggar. Fleire av bileta hans frå turar i vakker Sogn og Fjordane natur, finn du på turbloggen og poesibloggen.







