Kjøkkenbord i bagasjen
Hugsar du før i tida? Før Facebook, før Youtube, før nettbank. Kanskje endå lenger tilbake, før telebanken. Vi hadde bøker den gongen. Raude, grøne og gullfarga bøker.
Før
Eg hugsar mi første bankbok. Den var raud. Og kvar gong eg sette inn pengar, fekk eg oversikt over saldo og renter. Dette vart prenta inn i boka saman med dei siste transaksjonane. Dette var mitt bevis på at eg hadde pengar på bok og kor mykje som gjekk inn – og ut. Og det var vanskeleg tilgjengelege pengar. Vi måtte inn i banken for å få ut pengar av desse bøkene.
No
Dette er lenge sidan. No har eg brukskonto, sparekonto, rekningskonto, feriekonto, lån og kredittkort. Alt dette administrerte eg lenge, enkelt i nettbanken fleire gongar i veka. Dette har eg nesten slutta med. No har eg smarttelefon med banken sin app for mobilbank og nyttar denne til det meste.
Med kjøkkenbord i bagasjen og full kontroll
Det er laurdag. Eg sit i ferjekø. Vi skal på shopping i Bergen. I alle fall sambuaren min – eg har mest lyst å vere heime. Dette kan bli ein dyr dag. Har eg råd til dette? Fram med smarttelefonen: saldosjekk til banken. Jau, det blir visst både råd til kjøkkenbord og litt til.
Det er framleis laurdag. Vi er på IKEA og har funne nytt kjøkkenbord. «Dette går aldri inn i bilen» prøver eg meg med. «Joda» seier ho. Alt går. Ho får sjølvsagt rett. «Trur eg manglar dekning på kortet». Eg vil sjå, seier ho og ber meg sende ein saldosjekk. Jaudå. Det var visst dekning på brukskontoen enno.
På veg heim att med kjøkkenbord i bagasje, klede og pyntegjenstandar, sjekkar eg saldo med mobilen att og overfører ein sum frå sparekonto til brukskonto. Av og til hadde det vore kjekt med bankbøker og vanskeleg tilgjengelege pengar, tenkjer eg. Men eg vil ikkje attende til det. Aldri. At noko er lett tilgjengeleg, oversiktleg og enkelt, er viktig for meg. Med eller utan kjøkkenbord i bagasjen…
