Sove godt om natta

Det har vore mykje skriving i media om aksjemarknaden det siste halvåret. Krigstypar. Børsuro. Kva som påverkar kursane. Korleis ein bør spare. Aksjemarknaden er kanskje ikkje rett for alle. Kva med fondssparing? Er det så vanskelig og skummelt som det kan virke?

I gamle dagar, då sommarnettene var lyse og lange, men kvardagane eit slit som vi ikkje kan førestille oss, skapte kvar hushaldning det dei klarte med den arbeidskrafta og dei råvarene som kunne oppdrivast. På 1800-talet kom nye oppfinningar og store bedrifter vaks fram. Med dette kom også aksjeselskapa. Aksjeselskap var ein måte å skaffe kapital til bedrifta på, samt å spreie risiko over fleire eigarar. Ved å investere i aksjeselskap vart ein eigar av aksjar. I gode tider gav desse aksjane rett til eit visst utbyte, i samsvar med kor god inntening bedrifta hadde i perioden. I dårlege tider kunne ein risikere at bedrifta gjekk konkurs og all den investerte kapitalen var tapt.

Aksjar?

Mange år og mange moderniseringar og oppfinningar seinare, praktiserer ein framleis aksjeselskap for å skaffe midlar til bedrifter. Aksjemarknaden er stor og kan for mange bidra til høg vinst om ein gjer dei rette investeringane. For å få mest mogeleg ut av sine aksjeinvesteringar må ein kjenne marknaden godt og bruke ein del tid på å halde seg oppdatert. Det er også ein viss risiko knytt til plasseringar i aksjar, ein kan risikere å tape store delar av det investerte beløpet om det skulle skje noko i marknaden som gjer det vanskeleg for bedrifta å overleve. Det er også ei minste grense for kor mykje du kan investere i eit selskap.

Eller fond?

Det er ikkje dermed sagt at folk flest ikkje skal ha høve til å delta i aksjemarknaden. Det er fleire såkalla fondsforvaltarar på marknaden. Dette er spesialistar som jobbar med å finne dei beste plasseringane i aksjemarknaden og på denne måten oppnå best mogeleg avkastning.  I eit aksjefond kan ”vanlege folk” gå saman og investere i aksjar. Ein kjøper andelar i fondet for ønska beløp. Det er desse pengane fondsforvaltarane brukar til å kjøpe aksjar. Nokon vel å setje inn enkelt beløp medan andre vel å setje inn ein fast sum kvar månad. Om ein set inn ein fast sum kvar månad, kallar vi det spareavtale. Fordelen med spareavtale er at ein kjøper til ulike tider. Med kursar som svingar, er det vanskeleg å treffe rett ved å setje inn ein eingongssum og ein kan risikere at ein kjøper dyre fondsandelar. Når ein set inn litt no og litt då, er sjansen større for å få kjøpe ein del av andelane på ”billegsal”. Ved å kjøpe på billegsal får du fleire andelar for beløpet du betalar, om kursane stig vert andelane dine meir verd. Du kan då selje dei for meir enn du kjøpte dei for, og får såleis ein vinst. Ved å kjøpe fond i staden for enkeltaksjar kan du få spreidd sparinga di for mindre beløp på mange selskap i ulike bransjar og land. På den måten får du redusert risikoen for å tape investeringa di dersom selskapa eller enkeltland gjer det dårleg.
I forhold til risiko er det viktig å hugse på at ein kan risikere å tape ein del av pengane ein investerer. Ein skal difor ikkje investere meir pengar ein har råd til å tape. Spareavtalar er også ein fordel med tanke på dette, då ein ikkje treng investere store delar av sparepengane sine, men kan setje inn ein liten sum kvar månad.

Eg meiner det er viktig å spare og at sparing bør vere noko ein gjer fast kvar månad. Den enklaste måten å spare på er ved spareavtale. Sparing er veldig individuelt, det som passar for deg passar kanskje ikkje like godt for naboen. Og det er viktig å sove godt om natta. Har du lyst til å vite meir om sparing i fond, aksjar eller bank er du velkommen til å ta kontakt med oss. Snakk med rådgjevaren din i banken eller kontakt Investeringssenteret vårt. På Investeringssenteret treff du eit dyktig team som kan gje deg gode råd:

Per Einar Andenæs 57833092
Ulf-Magne Eikås 57872706
Oddvar Fimreite 57833174
Oddmund Nielssen 57829667
Kari Sølvberg 57829751
Og sjefen sjølv, Gunnar Heggheim 57829748/91680362

 

Gå til mobilutgåva

*/