Takk Stoltenberg
Då er det berre å lette på hatten og takke statsminister Jens Stoltenberg. Vår fremste politiske leiar kjem til Sogn og Fjordane over nyttår for å sjå på skadane og beredskapen etter juleorkanen. Eg var lenge redd at vi skulle oppleve det same som under gasseksplosjonen i Gulen. Då vart ein liten kommune og eit hardt prøva folk i stor grad overlate til seg sjølv og nærast gjort til kasteball mellom ulike fagetatar.
Takk og ros
No ser både kommunalministeren, samferdsleministeren, justisministeren og til slutt statsministeren inn om folket sitt for å støtte, oppmuntre og vurdere mottiltak mot naturkreftene. Det skal dei ha takk og ros for. For min del vil eg også rette ei takk til den nye fylkesmannen vår, Anne Karin Hamre som har stått oppreist i uveret og leia beredskapsarbeidet heile romjula på ein klok og sindig måte.
Nasjonale løft nødvendig
Folk her vest er vande med tøffe tak. Vi er også vande med å stole på eigne krefter og finne kreative løysingar når naturen viser vrangsida og legg hindringar i vegen. Men kreftene som var i sving under orkanen første juledag og flaumen dagen etterpå rokkar ved tryggleiken i tilveret. Når hustaka fyk, når bygda er mørklagt og utan noko form for samband med omverda i dagevis, er det ikkje nok med stayerevne og mot. Det er då vi treng krafta i den nasjonale fellesskapen meir enn nokon gong. Det er då vi treng at våre fremste leiarar tek grep for at vi skal stå betre rusta i hus og heim, bygd og by neste gong uveret tek laust.
Meir robuste løysingar
Jens Stoltenberg påpeikar med rette at klimaendringa aukar sjansen for både fleire og tøffare vindkast enn det vi fekk innover oss første juledag. Desto viktigare er det at tele og naudsamband vert forsterka. Desto viktigare er det med meir robuste standarar for hus og infrastruktur. Desto viktigare er det med meir kunnskap om kvar det er trygt å bu.
Velkomen til Sogn og Fjordane
Kjære statsminister. Takk for at du vil sjå til folket ditt her vest i ei vanskeleg tid. Takk for at du bryr deg om livsvilkåra mellom havet og breen. Det er godt du rår over ein rik nasjon. Det kan bli trong for ein god slump pengar om livet mellom havet og fjella skal bli tryggare i framtida. Velkomen til Sogn og Fjordane.
Foto: Statsministerens kontor
Sjå også “Kjære statsminister”
