Kjære statsminister

Foto: Steinar Lote

Foto: NRK (NRK/Steinar Lote)

Kjære Jens Stoltenberg. Eg saknar deg desse stormfulle romjulsdagane. Sjølvsagt har eg stor forståing for at du tek juleferie og kviler ut etter eit svært krevjande år. Men du har kanskje sett litt på TV og lese ei og anna avis om at det er mørketid på Vestlandet, spesielt i Sogn og Fjordane. Orkan, springflo og flaum har herja felt med oss sidan første juledag. Vi har vore utan straum, utan telefon, utan veg, utan ferjesamband. Hus, vegar, kraftlinjer, kaier, bruer og utstyr er øydelagde. Heldigvis kom sivilforsvaret oss til unnsetning og flaug inn ein satellittelefon til kommunane som har vore heilt utan samband med omverda i to døgn.

Takk for sist

Eg hugsar at du stakk innom Sogn og Fjordane så snarast i valkampen i haust. Det var ein dag i september då du flaug Vestlandet rundt frå Stavanger til Trondheim og sa at Arbeiderpartiet vil utvikle og satse på Vestlandet. Seint på kvelden kom du til Florø og var naturleg nok sliten etter ein svært hektisk dag. Kva partiet vil satse på her, var litt uklart for meg, men du kom i alle fall innom.  Du har også vore flink til å besøke dine trufaste veljarar i Årdal som du reknar som eit lite ikon for partiet ditt. I romjula har Årdal vore heilt isolert frå omverda om ein ikkje brukar helikopter som du ofte gjer på reisene dine her vest.

Krisetider hos oss

Grunnen til at eg så gjerne hadde sett at du tok deg ein romjulstur til Sogn og Fjordane, er at vi er eit hardt prøva folk etter å ha fått ein trippeldose med naturkatastrofe. Det hadde rett og slett vore godt at du som ein slags landsfader hadde sett til oss i desse dagar fordi vi veit at du er flink til å skape samhald og mot i krisetider. Vi veit også at du for tida er det mektigaste personen i Norge. Derfor ville vi gjerne vist deg konsekvensane av uveret og stilt deg nokre få, men viktige spørsmål:

1. Er det på tide å utstyre naudsamband og sentrale telekommunikasjonar med aggregat? Bør ikkje verdas rikaste land prioritere det?

2. Er det tid for ein heilt ny standard på hus og vegar og alt som heiter infrastruktur?

3. Har du litt krisepengar til oppryding og istandsetting av alt som vart øydelagt i uveret?

Velkomen vestover

Kjære statsminister, det er ikkje for seint å ta turen til Sogn og Fjordane sjølv om det no er stille etter stormen. Skadane og frykta etter juleorkanen vil prege oss lenge. Du må gjerne ta med deg kommunalministeren, samferdsleministeren og olje og energiministeren. Eg ser ikkje vekk frå at også dine vener i Senterpartiet  kan vere interesserte i å vise oss bygdefolk litt omtanke i desse tider. Eller vil de vente til valkampen tek til att?

llustrasjonsfoto henta frå NRK Sogn og Fjordane

 

Gå til mobilutgåva

*/