Endå meir mas om BSU

Det nærmar seg slutten av året, og bankane reklamerer stort for BSU. Før hata eg alt maset om BSU. Let alltid igjen øyrene mine når eg hørte ordet. Oversåg det. Innerst inne fekk eg dårlig samvit, for eg visste eg absolutt burde lese om dette. Men for meg var bank ei uoversiktleg verd som eg var redd for å gå inn i. Eg valde heller å oversjå BSU-ordet.

No er eg heldigvis ein av dei som anbefalar BSU på det sterkaste. Når eg endeleg tok meg tid til å lese om det, vart eg overraska. Det er ikkje vanskeleg og komplisert. Det er faktisk veldig lett, og eit kjempebra produkt for meg. Er du ein av dei som tykkjer dette er uoversiktleg? Under har eg laga ei kort oppsummering av dei vanlegaste spørsmåla vi får om BSU. Det vil ta eit par minutt å lese. Men ta deg tida, kanskje dei minutta gjer at bustad draumen blir endå nærmare.

Kva er BSU?

Det tyder Bustadsparing for ungdom. BSU er ein konto der du kan spare inntil kr 20.000 i året, og kr 150.000 + renter. Det er ei svært fordelaktige spareordning for deg som ikkje har fylt 34 år. Det beløpet du sparer i løpet av året blir låst ved nyttår. Det vil sei at i januar kan du ikkje ta ut det du sette inn i desember eller tidlegare.

Kvifor er BSU svært fordelaktig?

Du får 20% skattefrådrag på innbetalt beløp for inneverande år. Dersom du sparar kr 20.000 i året får du kr 4.000 som du kan trekke frå på skatten kvart år. Dersom du sparar inntil kr 150.000 sparer du totalt kr 30.000 i skatt! I tillegg får du betre rente på ein BSU konto enn ein ordinær sparekonto.

Kor tid bør eg opne BSU?

Du kan spare i BSU så lenge du ikkje er over 34 år. Men dersom du skal oppnå skattefrådraget, er det avgjerande at du betaler skatt. Det vil sei at du tener meir enn fribeløpet. I 2011 er fribeløpet kr 39.950.

Må pengane brukast til bustad?

Ja. BSU – pengane må brukast til anten kjøp av bustad, eller å betale ned på lån på bustad som du har kjøpt etter at du har starta med BSU.

Om eg treng pengane på kontoen, kan eg avslutte den?

Ja, det kan du. Men du må då betale tilbake det du har fått i skattelette. Du må også hugse på at du berre kan ha ein BSU-konto i løpet av livet. Det du har spart inneverande år kan du ta ut, utan å måtte avslutte kontoen.

Korleis får eg BSU konto?

Den kan du opne sjølv i i nettbanken. Du kan også komme innom banken, eller ta kontakt med kundesenteret vårt.

Kva skjer dersom eg ikkje set pengar inn på kontoen?

Ingenting. Du bestemmer sparetempoet ditt sjølv.

Kostar det noko å opne BSU konto?

Nei.

Er det risiko med å spare i BSU?

Nei. Det er risikofritt. Du er garantert pengane tilbake, inkludert god avkastning på pengane.

Eg håper denne oppsummeringa  gjorde deg litt klokare på BSU, og at du opplever det same som eg, at dette er både enkelt og smart. Dersom du framleis har spørsmål om BSU, kan du lese meir her. Og til deg som allereie har sikra deg BSU – hugs å fylle opp kontoen før nyttår! PS: For at pengane skal bli registrert må dei vere komt på konto innan 30.12 klokka 13.00.

God jul og godt nyttår!

 

Gå til mobilutgåva