Størst handelslekkasje i Sogn

Berre 20 prosent av sogningane seier dei handlar alle julegåvene i Sogn og Fjordane. Det syner ei spørjegransking som Sparebanken Sogn og Fjordane har utført. Både nordfjordingane og særleg sunnfjordingane er oftare å sjå på julehandel i butikkar i nærområdet.

I slutten av november spurte Sparebanken Sogn og Fjordane 720 kundar rundt i heile fylket om kvar dei handlar gåvene til jul? Dei fleste svarar at dei handlar mest i nærområdet, men ein god del gåver blir også kjøpt i butikkar utanfor fylket og på internett. Seks av 10 kundar svarar at dei handlar meir enn 80 prosent av gåvene i butikkar i Sogn og Fjordane.

Lekkasje til Bergen
20 prosent av sogningane svarar at dei kjøper alle julegåvene i fylket, mens tilsvarande tal for Nordfjord er 25 prosent og for Sunnfjord vel 30 prosent. Det er nærliggande å tru at særleg folk i Ytre Sogn er flittige på julehandel i Bergen, mens innbyggarane på nordsida av Nordfjorden tek seg ein svipptur til Ålesund. Rundt halvparten av julehandelen utanfor fylket går via internett. Det er aldersgruppa mellom 30 til 50 år som handlar mest julegåver.

Ikkje prega av økonomisk uro
Over heile fylket svarar folk at dei reknar med å bruke minst like mykje pengar på julehandel i år som i fjor. Sju av ti svarar at dei ikkje kjem til å handle mindre i år på grunn av økonomisk, urolege tider i Europa. I snitt brukar kvar innbyggar i Sogn og Fjordane rundt 6.000 kroner på gåver. Ifølgje tal frå hovudorganisasjonen Virke har butikkane i Sogn og Fjordane ein omsetnad i desember på 8.550 kroner pr innbyggar, mens tilsvarande tal i Oslo er 10.850 kroner. Høgre lønsnivå i Oslo og større handelslekkasje i Sogn og Fjordane forklarar mesteparten av denne skilnaden.

Ny rekord i år?
Virke spår ein vekst i julehandelen i år på rundt tre prosent i forhold til i fjor. Omsetninga i november låg litt etter fjoråret, truleg på grunn av mildver og lite som minte om julestemning. Den siste veka har handelen tatt seg opp og vil for alvor skyte fart når desemberløna er utbetalt i midten av månaden. Totalt handlar det norske folket for nærare 50 milliardar kroner til jul.

 

Gå til mobilutgåva