Julekalender for liten og stor

Den første trykte julekalenderen kom i følgje Wikipedia, ut i Tyskland i 1904. Seinare skulle julekalenderen dukke opp i fleire former. Med leikar og snop, heimelaga med små gåver og som fjernsynsunderhaldning. Kven hugsar vel ikkje Jens Petrus og Tøfflus frå «Jul i Skomakergata» og The Støvel Dance frå «The Julekalender»?

Då eg var liten var det sjokoladekalender og Skomakergata som var tingen. Ingen overdådig kalender med store gåver og dyre ting. Ein liten sjokoladebit kvar dag var nok. Nokre gongar juksa eg meg til å ta neste dags bit, og etterpå klistre luka godt saman igjen så ikkje mamma eller pappa såg.

Julekalenderen var med på å lage julestemning og ei forventning fram til jul. På julaftan fekk vi endeleg vete kven som eigde dei små barneskoa hos Skomaker Andersen, og den siste og største sjokoladen i luka kunne nytast. No var det endeleg jul!

Den digitale verda har etter kvart gitt oss endå fleire kalenderar å velje mellom. No kan du vinne flotte premiar både her og der. Sidan vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er veldig glad i førjulstida, så kan ikkje vi vere noko dårlegare. I år har vi «sprita» opp Julekalenderen vår på Facebook endå nokre hakk, og 24 spennande luker står klare for opning etter kvart som dei travle, men koselege desemberdagane kjem. Vi skal også i år dele ut ei krone for kvar tilhengjar vi har på Facebook til eit godt formål.

For dei minste kundane våre lanserer vi i år «Mine juleønskje», der dei små kan levere inn ønskjelista si i banken, og kanskje, dersom dei er heldige, få oppfylt eit ønskje.

Ta ein liten pause i den travle julestria og kos deg med ein julekalender eller to! God førjulstid!

 

Gå til mobilutgåva