Livskvalitet

Livskvalitet er eit fint omgrep. Og spesielt fint er det at vi bur i ein fylkeskommune med visjon å nettopp legge tilrette for livskvalitet. Dette er inga lita oppgåve. Om vi ikkje er så mange så er vi likevel ulike og med ulike interesser og behov. Det som vert opplevd som inspirerande og gjevande for ein, vert gjerne sett på som både fåfengt og sløsing med ressursar av ein annan.

For meg har alltid musikk stått sentralt når livskvalitet er temaet. Musikken er med anten det er snakk om ein joggetur, bakgrunnsmusikk i heimen eller det gjeld ein konsert, men det er kanskje først og fremst gjennom eiga deltaking eg kjenner dei store livskvalitetane.

Førde Kammerkor øver mot framføring av Mozarts requiem no i november. Mange timar og mykje ressursar blir brukt for at dette skal bli ei god oppleving både for medlemane og for publikum. Den danske multikunstnaren Peter Bastian omtalar musikk som ”…fine trådar som bind meg saman med omgivnadane, som lange, tynne følehorn eg kan røre verda gjennom”. Eg merka det er omlag så eg skulle sagt det sjølv.

Det er vel difor vi brukar tid og engasjement på ulike områder som musikk, idrett og mange mange andre aktivitetar. Vi har behov for å tilføre liva våre kvalitetar som handlar om meir enn det basale med hus, heim, vegar, mat og så vidare.

Mykje av det som gir livskvalitet er gratis, som til dømes å ta seg ein fjelltur, fiske eller treffe vener, men det er også ein del aktivitetar som treng tilrettelegging og ein viss økonomi for å bli gode. Dei mange flotte festivalane vi har i fylket er gode døme, likeeins konsertar og dei fysiske tilretteleggingane for idrett. Bankane er gode økonomiske støttespelarar for mykje av dette, difor vil du også kunne vinne billettar til konserten i Førde Kyrkje laurdag 19.11 og Vereide kyrkje søndag 20.11 i Billettluka til Sparebanken Sogn og Fjordane på Facebook.

Sjølv om eit requiem rett nok er ei dødsmesse handlar likevel korsong om livskvalitet!

 

Gå til mobilutgåva