Ønskjeliste mobilbank

Det er no snart halvanna år sidan vi lanserte Mobilbank. Vi hadde allereie Nettbank, Telebank og SMS-bank. Kvifor Mobilbank i tillegg, var det ein som spurte meg. Jau, svaret er i grunnen ganske enkelt. Vi vil gjere tenestene våre så tilgjengelege og enkle å bruke som mogeleg.

Eller som ein marknadsførar ville sagt det: Enkel og rask tilgang til din privatøkonomi gjennom tiltalande visuelle flater. Mobilbanken var nettopp det. Og det at den fungererte på nesten alle tenkjelege mobilar gjorde at kundane våre enkelt kunne sjekke saldo, overføre pengar, betale rekningar, sperre kort og anna via mobilen sin. Med Mobilbanken på plass, kunne vi lytte til tilbakemeldingar og arbeide vidare med neste steg i utviklinga; mobile appar.

App

Med iPhone – og Android-mobilar kunne brukarane få tilgang til så mykje meir enn mobilbank. Rett før jul i fjor lanserte vi mobile appar – banken sine mest populære tenester på lenge. Med ein integrert mobilbank, sms-tenester, valutakalkulator og oversikt over eigedomar til sals kom plutseleg nesten heile banken rett inn på mobilen. Kjempeenkelt. Og kjempepopulært. Dette er snart eit år og mange tusen nedlasta appar sidan. Kvar dag kjøper mange av kundane våre nye mobilar, og det er nesten alltid ein touchbasert smarttelefon med stor skjerm.

Ny generasjon Mobilbank

Mobilbanken vår vart laga for å passe på så mange mobilar som mogeleg, små eller store. Med eller utan tastatur. Men den er ikkje tilpassa touch-mobilar, og det gjer vi noko med no. Den neste månaden, eller to går med på å teste og tilpasse ein ny generasjon Mobilbank som skal vere endå enklare å bruke. Den vil få større knappar, enklare visuelt uttrykk og ha tydelege ikon for dei ulike tenestene.

Vi veit at kundane våre ønskjer å bruke banken når dei treng det, der dei er. Kva står på mobilbank-ønskjelista di? Vennebetaling? Fleire kalkulatorar?

 

Gå til mobilutgåva