Søle og rask og ligga i boss – eller kveite og erter og ligga i silkeseng
Ein føremiddag eg sat på kontoret dukka det opp eit kjent snyteskaft i døra. Det var Rolf som stakk innom banken igjen. Han såg noko tenkt ut, så eg spurde kva eg kunne hjelpe han med.
“Eg har tenkt litt på forsikring på meg sjølv. Mamma har snakka om uføreforsikring tidlegare, og no som eg kanskje skal flytte frå svinestien heime og få meg betre kår i eigen binge, er eg blitt fortalt at eg må ha gjeldsforsikring…? Tykkjer det er eit vanskeleg tema, for eg er no frisk som ein fisk og bur i verdas rikaste land – så kva skal eg då med forsikring? Men så såg eg eit innslag på TV om ein ungdom som blei sjuk og ikkje kunne jobbe meir og han fekk problem med å klare seg økonomisk. Treng eg ei slik livsforsikring?”
“No stiller du mange gode spørsmål! So bra at du er oppteken av framtida di. Då er du komen til rett stad, men lat oss heller kalle det for personforsikring. Ho knyttar seg til ein person og ikkje til eit lån. I ei personforsikring kan du velje mellom dekningane død, uføreforsikring og kritisk sjukdom.”
Rolf som er ein sporty ung gris som ikkje er redd for å døy, i allefall ikkje utanom jula, sette seg ned for å høyre meir. “Men kva skal eg med masse pengar om eg døyr?”
“Dødsfallforsikringa får du nok aldri bruk for sjølv, men ei slik forsikring er svært viktig for dei gjenlevande som arvar gjelda di. Særleg viktig er det dersom du stiftar familie med ei søt grisejente som på eigahand kanskje må fostre opp eit kull smågriser som liknar på deg?”
Med eit løyndomsfullt smil skunda Rolf seg å spørje vidare om uføreforsikring og kritisk sjukdom, utan å gå inn på om det faktisk fins ein kjærestekandidat der ute…
“Kritisk sjukdom er ei rask økonomisk hjelp dersom ein får diagnose på ein kritisk sjukdom som t.d. kreft, hjarteinfarkt eller MS. Uføreforsikringa gir deg ei utbetaling om du vert ute av stand til å jobbe over lengre tid, uansett sjukdom eller ulukke. Ei forsikring mot tapt arbeidsinntekt. Er du interessert i at me skisserer kva du har å leve for dersom du blir langvarig sjuk?”
Rolf nikka og lente seg fram på stolkanten for å sjå skissa på arket eg teikna til han.
Dersom Rolf i år tener 300.000,- kan han forvente same inntekt i sjukemeldingsperioden. Etter 12 månadars sjukmelding går han over på AAP (ArbeidsAvklaringsPengar). Her får ein utbetalt 66% av dei tre siste års snittinntekt før ein blei sjuk. Rolf, stakkar, som berre har jobba eitt år, får ei svært låg snittinntekt og hamnar på minstesatsen på ca 130.000,- i året.
Om Rolf etter fleire år på AAP framleis ikkje er frisk nok til å jobbe, vil han gå over på uføretrygd. Og sidan han ikkje har vore i jobb så lenge, vil han ifølgje NAV ikkje få meir enn ca 170.000,- i årleg uføretrygd.
Då me var ferdige med teikninga over dei forventa inntektene var Rolf ganske mutt og blåfargen hadde falma.
“Kva tenkjer du når du ser inntekta di om du skulle bli sjuk?” spurde eg forsiktig.
“At eg ikkje har råd til å bli sjuk, kom det kort frå den elles så blide sparegrisen. – I forhold til i dag vil eg tape ca 170 000 årleg i arbeidsavklaringsperioden. Då fryktar eg at eg ikkje får reise så mykje som eg likar å gjere i dag, og eg vil ikkje klare å betale lånet på leilegheita eg vurderer å kjøpe… Men kanskje eg har personforsikring gjennom arbeidsgjevaren min og? I allefall var det ein som sa at arbeidsgjevarane har plikt til å forsikre dei tilsette.”
“Ja, det stemmer at lova seier at alle arbeidsgjevarar skal ha forsikring på sine tilsette, både for ulukke på jobb og yrkesrelatert sjukdom. Problemet er at få av dei som i dag er arbeidsuføre vart det i samband med yrket sitt. Dei fleste blir det på grunn av ein sjukdom som ikkje er dekka av dei lovpålagde yrkesskadeforsikringane. Nokre bedrifter har likevel forsikringar som også dekkjer dei tilsette for sjukdom i fritida , og er du med i ei fagforeining kan denne kanskje tilby slike forsikringar. Kva om du snakkar med sjefen din og får ei utskrift på kva forsikringar dei eventuelt har og tek med denne til meg. Så kan du tenkje på kor stor inntekt du vil ha , dersom du vert sjuk, og så lagar me eit forsikringsforslag ut i frå det?”
“Det høyrest ut som ein god plan! Sa Rolf og spratt opp av stolen. Eg kjem tilbake i morgon, for dette vil eg ha på plass så snart som råd. Eg har høyrt at det er lurt å søke om personforsikring medan ein er ung og frisk!”
Blåfargen var komen tilbake då han forlet kontoret. Sidan Rolf er ein handlingens gris, passa eg på å sette av god tid neste dag i påvente av nytt besøk.

