Sutalaust studenttreff i Bergen

No er endeleg bybildet i Bergen tilbake til det normale, etter to veker med fadderveke for dei ulike studieinstitusjonane. Dei ferske studentane har fått oppleve at det ikkje er ein mjuk start som ventar dei når dei tek fatt på høgare utdanning. Her har det gått i rebusløp, bar-til-bar-runde og, ikkje minst, vorspiel over heile byen. Du kunne ikkje bevege deg langt utanfor døra i sentrum desse to vekene, utan å sjå ei faddergruppe utkledd som t.d. B-gjengen synge ”å Bergen by er nydelig, å Bergen by er nydelig, for vi har Hansa øl og dai-er!” for full hals.

Meir enn bank – meir enn rådgjevar

Eg er glad studentane set farge på byen. Ein gong var eg sjølv ein fersk student. Sidan det har eg gjort fleire viktige val.  Dei to siste var å bli autorisert finansrådgjevar før 2012 , og ta på meg ansvaret for at Sparebanken Sogn og Fjordane blir marknadsført og profilert på ein god måte i Bergen. Viktig; når vi har tatt mål av oss å vere meir enn bank. Som rådgjevar i ein liten, men ”stor” bank får eg og sjansen til å utfordre meg sjølv, og jobbe med andre oppgåver enn det stillingsbeskrivinga tilseier. Det siste året har eg m.a. jobba med å få fusjonen mellom Fjaler Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane til å gå så problemfritt for kundane i Bergen som mogeleg. Eg syns det er viktig å ta utfordringar, og eg sit att med mykje nyttig erfaring, etter å ha jobba med fusjonen. Så når spørsmålet om eg ville ha marknadsansvar for Bergen kom, var svaret ganske enkelt; “Ja takk”. Og på spørsmålet om du bør ta turen til studenttreffet eg er med å arrangere på laurdag, er svaret også enkelt “Sjølvsagt”.

Frå Ulriken til Zachariasbryggen

I fjor arrangerte vi eit vellukka studenttreff på Ulriken for nye og eksisterande studentar i Bergen. Studenttreffet var ein suksess, og vi fekk mange gode tilbakemeldingar. Studentane tykte det var viktig å møte kunderådgjevarane på andre plassar enn i banken, og hyggeleg å treffe andre studentar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Ut i frå gode tilbakemeldingar og eit ynskje om å lage eit arrangement som seint blir gløymt, har vi vidareutvikla studenttreffet saman med KJS, Piren Bar og Radio 1 og tatt arrangementet med oss ned til Zachariasbryggen.

Det kostar å vere ny student; depositum, husleige, straum, studieavgift, nye skulebøker. I tillegg kjem alle utgiftene med fadderveka; festing, kostyme og taxi og litt meir festing, noko som fører til ekstra mange raude tal i nettbanken. Då er det godt med ein ”sutalaus” festival. På studenttreffet er det gratis inngang,  gratis servering av mat og gratis underhaldning. Kalas festivalen vil bli ein arena der du kan møte banken, nye og kjente studentar, og, ikkje minst, ha det sutalaust og morosamt.

Så laurdag 3. september kl 13:00 brakar Kalas festivalen laus på PirenBar, med det eine høgdepunktet etter det andre. På menyen står det heilgrilla gris, pølser og hamburgar. Up and coming Eye Emma Jedi drar i gang musikken etterfølgt av Idol-deltakar og Radio 1 programleiar Gabrielle. DJ Thomas Giebelhausen den originale DJ Dan, vil halde stemninga oppe ut over kvelden. Så her må ein stille vekkarklokka og komme tidleg om ein ynskjer gode plassar og ein gratis konsert.

Kalas festival og lysdans – og snart betalar vi rekninga di

Du har kanskje høyrt reklame for Kalas festivalen på Radio 1 denne veka? Og at vi sponsar lysdansen i masta på Ulriken? Snart betalar vi også rekninga di. Så om du har ei rekning du lurer på korleis du skal få til å betale, eller vil ha litt romslegare økonomi i september, bør du følgje med på Radio 1 komande veke, så er kanskje du den heldige vi betalar rekninga for.

Ha ei fin helg – så snakkast vi kanskje på Kalas festivalen.

Kalasfestivalen på Twitter: #kalas2011

 

Gå til mobilutgåva