Nye nettsider – kva meiner du vi bør gjere?

Vi er i gang med eit arbeid for å fornye ssf.no både på utsida og på innsida. Sjølve nettbankdelen vil gå gjennom store forandringar dei næraste åra, men det som kjem aller først er dei opne sidene (alt som ikkje er på pålogga område).

Det er seks år sidan vi gjorde store endringar i struktur, design og innhald på ssf.no, og sidan den gong har både vi, kundane og nettet endra seg. Bruksmønsteret er annleis, forventningane frå kundesida er annleis og kva vi ønskjer å gjere og levere via våre nettsider er annleis. Difor skal vi i løpet av hausten gjere ein grundig og omfattande jobb som vi treng di hjelp til.

I første omgang er vi ute etter kva du som brukar av banken og nettsidene meiner og ønskjer. I den samanheng har vi eit kort spørjeskjema som vi håper at nokon der ute kunne tenke seg å svare på. Blir du med, så vil du vere med i trekninga av eit gåvekort på 500 kroner.

Har du meiningar her og no, så er du hjarteleg velkomen til å kommentere her på bloggen, Facebook via Twitter eller god gammaldags e-post. Er du av den verkeleg gamle skulen, så hadde det også vore moro å fått eit brev :-)

 

Gå til mobilutgåva