Tips til studiestart
Denne veka er det studiestart for høgskule og vidaregåande. Ein ny kvardag ventar mange. Kor er forelesningssalen? Kven skal eg gå i klasse med? Kor tid får eg studentkort? – og ikkje minst, kor tid kjem stipendet?
I desse dagar ser vi ofte overfylte og baktunge bilar langs vegen. Bak rattet, ein sveitt far eller mor, i passasjersetet, ein student med forventning i blikket. Det er studiestart og mykje å finne ut av. Bank er kanskje ikkje det første mange tenker på i den første veka, men vi har mykje nyttig informasjon og tips til deg som er student. For det er ein del ein må tenke på når ei flytter for seg sjølv for første gong.
Første stopp – innbu og reiseforsikring
Sparebanken Sogn og Fjordane samarbeider med Gjensidige og sel deira forsikringsprodukt. Som student er du forsikra via foreldra dine si innbuforsikring, så lenge du ikkje skiftar adresse i folkeregisteret. Når du er ferdig med å studere og byrjar å arbeide og/eller skiftar adresse frå foreldra si adresse – hugs at du sjølv må ordne med innbuforsikring.
I Gjensidige er du som student medforsikra på foreldra di si reiseforsikring fram til første hovudforfall etter at du har fylt 20 år. Deretter må du sjølv ordne med eiga reiseforsikring, uavhengig om du studerer eller har arbeid, og kva adresse du har.
Ver merksam på at reglane kan variere frå selskap til selskap, så sjekk med kva selskap du er forsikra i og kva reglar som gjeld der.
So – personforsikring
Når det gjeld personforsikring har du som student fleire val. Det som er viktig å tenkje på er at du som ung, utan særlig opptening av rettigheter i folketrygda, vil bli tilnærma minstepensjonistar om du skulle bli ramma av sjukdom/ulykke som gjer at du blir ufør. Studentar bør difor teikne seg ein uførepensjon og ei ulykkesforsikring. Hos Gjensidige kan ein student teikne seg ein uførepensjon på 1G (79.216,-), som ved 100% uførheit vil gi ei månadleg utbetaling på 6.600-, i tillegg til det ein måtte få frå folketrygda. Denne utbetalinga vil vare fram til ein blir frisk, evt til 67 års alder. Ei slik forsikring vil vi tilråde alle unge å ha. Ulykkesforsikringa kan teiknast med valfri sum. I tillegg til kan det vere lurt også å vurdere dødsfallsforsikring, uføreforsikring og forsikring mot kritisk sjukdom.
Neste stopp – bank i kvardagen
Som student tel kvar ei krone, og samlar du alle banktenestene hos oss får du lågare gebyr. Bruker du oss som hovudbank (utbetaling av lønn/trygd og liknande går regelmessig inn på kontoen), samtykker til elektronisk dialog og har minst eitt av tilleggsprodukta nedanfor, kan du bli kunde i So Bra:
• Brukskonto
• Visa Classic kort
• NettBank- og TeleBankavtale
• BSU-konto (BustadSparing for Ungdom)
Då er m.a. varekjøp, girobetaling frå nettbank/mobilbank, overføring mellom eigne konti, uttak i våre minibankar og fast betalingsoppdrag gebryfritt.
Med SMS-bank kan du få saldo, siste transaksjonar og overføre pengar mellom eigne konti med enkle tekstmeldingar. Du treng berre telebankkode (personleg kode) for å gjere dette. Du kan også bestille varsling SMS, m.a. når du får peng inn på konto, eller saldoen kjem under eit visst beløp.
Med vår nye app for iPhone og Android får du enkelt tilgang til dei mest brukte banktenestene. Applikasjonen kan du laste ned gratis enten frå Android Market eller iTunes App Store. App’en inneheld m.a. logg inn mobilbank, saldo, valutakalkulator og valutakursar.
Mange studentar leiger hybel/leilegheit og dei fleste må betale eit depositum. Då kan du opprette ein depositumkonto, der summen står sperra i heile leigeperioden. Kontoen skal opprettast i leigetakars namn, og du har rett til rentene på kontoen. Dersom du vil opprette ein depositumkonto treng banken kopi av leigekontrakt, legitimasjon, ditt og husverten sitt personnummer, og både du og husvert må signere kontoavtalen.
Ofte kan banken ha bruk for hybeladressa di. Til dømes ved utsending av kort – då er det greitt at kortet blir sendt dit du er og ikkje til foreldra dine. Du treng ikkje bytte adresse i folkeregisteret, berre gje oss ei melding så legg vi det inn som ei alternativ adresse. Husk også å meld ifrå når denne adressa ikkje er aktuell lenger.
Uansett om du blir i fylket eller skal reise ut av fylket for å studere, kan du enkelt kontakte oss. Kundesenteret har ope til 21 (måndag til torsdag) og til 16 på fredagar, vi bloggar på meirennbank.no. Vil du følgje litt med på kva som skjer og få tilbod om billettar til arrangement både i fylket og i Bergen, så gjer som over 10.000 andre: følg oss på Facebook.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer nokre av desse produkta, ta kontakt med våre rådgjevarar. Dei hjelper deg gjerne. Lukke til med studiestart!
