Alle dessa dagar…
“Alla dessa dagar som kom och gick inte visste jag att de var livet.” skreiv forfattaren Stig Johansson i samlinga “Den kapsejsade himlen” i 1984. Livet er fullt av kvardagar og andre dagar som skil seg frå dei vanlege kvardagane. Første skuledag, siste skuledag, konfirmasjon, russetid, fullførte studiar. Gleda over å få eigne barn, gleda over nevøar og nieser som kjem til verda, æra over å vere fadder eller kanskje forlovar for ein god ven, flytte på hybel for fyrste gong, kjøpe sitt første husvære, gifte seg osv.
Dette er dagar som påverkar kvardagen vår og som oftast fører med seg både spenning og glede. Ofte fører desse høgdepunkta også med seg utgifter. Mange av desse dagane er lette å forutsjå og fordelen med dette er sjølvsagt at ein kan setje av pengar i god tid.
Som forelder må ein vente seg ein del store utgifter i åra som kjem. Ei av dei største utgiftene er konfirmasjonsdagen. Når ein får barn veit ein at barnet kanskje vel å konfirmere seg. Ved å byrje å spare til konfirmasjonen tidleg spreier ein kostnadene over fleire år. Ein hundrelapp i månaden i 15 år vert nærare kr 20.000,-. Ein fin slump å ha som utgangspunkt. Det same gjeld for fadderborn, nieser og nevøar. Sjølvsagt kostar det oss ikkje like mykje når dei skal konfirmere seg, men ein vil jo gjerne gje ei flott gåve. Ved å spare ein tiar, eller 20 kroner kvar månad kan ein oppnå 2.000-4.000 kroner på 15 år. Ikkje verst å kunne bidra med ei slik gåve.
Etter kvart som familien veks, vert det også fleire julegåver å kjøpe inn. Det er ei stor glede å kunne gje gåver til andre, men ikkje alltid ei like stor glede for lommeboka. Ved å opprette ein julegåve konto der ein set inn nokre hundringsar kvar månad, vert den økonomiske belastninga fordelt jamt over heile året. Eit godt tips er å setje opp ei liste over kven du kjøper julegåver til og kor mykje du pleier å bruke på julegåver til den einskilde. Slik kan ein enkelt rekne ut kor mykje det er lurt å setje av i løpet av året.
I nettbanken er det lett å opprette nye kontoar på eiga hand. Logg inn i Nettbanken og klikk på ”produktbestilling” i nettbankmeny på venstre side. Vel kva kontotype du ynskjer å opprette og føl vidare rettleiing. Når konto er oppretta, kan du velje ”mine innstillingar” her kan du setje namn på kontoane dine etter eige ynskje. T.d. ”julegåve konto” eller ”konfirmasjonskonto”. Dette gjer det lett å skilje kontoane dine frå kvarandre. Eit anna lurt tips er å skjule kontoane. Dersom du kryssar av for ”skjul konto” vil den ikkje syne i nettbankoversikta di. Du kan enkelt gå inn at på ”mine innstillingar” og gjere kontoen synleg igjen når du har behov får å sjå kontoen.
God sparing :-)
