Ei sann historie om sparing
Alle veit at det er fornuftig å spare. Det kan vi lese om i alle slags media. Det er viktig å spare opp ein buffer, det er viktig å spare til eigenkapital som ein kan bruke når ein skal kjøpe bustad, det er viktig å spare BSU, det er viktig å spare til pensjon, det er viktig å spare for å nå draumane sine. I det heile: det er viktig å spare.
Ein annan ting som veldig mange også veit, er at vi har ikkje råd til å spare. Seinare når eg får litt meir å rutte med, då skal eg begynne å spare. Men ikkje akkurat no. Slik har eg også tenkt i alle år. Eg har jo for så vidt vore flink til å spare, ein liten sum inn på sparekonto kvar månad. Den same summen ut att frå sparekontoen nokre veker seinare. Ein blir ikkje rik av slikt.
Steg 1 – eg satt meg eit mål
Dei siste åra er sparing blitt viktigare enn nokon gong. Bustadprisane er ikkje som dei ein gong var. For å nå draumen og målet om eigen bustad er krava til eigenkapital større enn nokon gong. Det var dette som fekk meg til å revidere sparesystemet mitt ein gong for alle. Som med alt anna her i livet er det viktig med klare, konkrete mål. Det er ikkje lett å setje seg eit sparemål. Eit godt utgangspunkt er sjølvsagt å spare på BSU, men dette tek tid då ein berre kan spare kr 20.000,- pr. år. Det må altså hardare sparing til for at det skal ha noko for seg på kortare sikt. Ein annan fordel med BSU er at så snart ein passerar nyttår er pengane sperra på konto og kan ikkje takast ut før dei ein vakker dag skal nyttast til bustadføremål. Inspirert av dette kom eg fram til at eg trengde ei form for sparing som gjorde sparepengane mine utilgjengelege for meg. For meg vart draumen om fastrenteinnskot det nye målet. Fastrenteinnskot gjev god rente på sparepengane mot at ein er villig til å la pengane stå urørde på konto i bindingstida. Ein kan velje mellom 6 mnd, 12 mnd og 24 mnd bindingstid. Minimum innskot er kr 50.000,-. Årets sparemål vart difor kr 50.000,- i fastrente innskot + kr 20.000,- til BSU.
Steg 2 – eg la ein plan
For å kunne spare så mykje på eit år er ein nøydd til å få oversikt over kva ein eigentleg brukar pengane sine på. I nettbanken kan ein konvertere transaksjonar til rekneark og på den måten sortere og summere utgiftene sine. Sanninga er ofte brutal. Som kvinne skulle ein tru eg brukte pengane mine på klede, sko, kosmetikk og all slags nips og duppedittar. Det gjorde eg ikkje. Pengane mine gjekk til matvareforretningar, kafear og restaurantar. Nokre tiarar her og nokre tiarar der blir fort ubehageleg store summar. Overtydd om at eg hadde eit fornuftig forbruk av daglegvarer som eg var, fikk eg meg litt av eit sjokk når eg såg kva summar eg la att på matvareforretningane. Heldigvis har eg sett på ”luksusfellen” på TV3, så her hadde eg lært eit knep eller to. Det er viktig å planlegge matvareinnkjøp og bruke handlelapp. Eg laga meg ein enkel månadsplan for middag i excel og kalla inn til familiemøte. Her skulle det planleggast. I samarbeid med 9-åringen min fann vi raskt middagsrettar for ein heil månad. Dette var jo heilt fantastisk. Noko av det vanskelegaste i ein travel kvardag er jo å komme på kva ein skal ha til middag. No hadde eg dette klart føre meg ein heil månad fram i tid. Her var det berre å skrive handleliste og kjøpe inn alle ingrediensar vi trengde. Samstundes såg eg at restar kan brukast til å lage ein heilt ny middagsrett dagen etter. T.d. kan restar etter fiskebolle middagen blandast med makaroni i ei eldfast form, til topping kunne ein neve av laurdagens taco chips knusast og strøast over, perfekt fiskegrateng. Ein dag kunne vi ha fiskeburger av fiskekaker, resten av fiskekakene vart fiskekaker i brun saus dagen etter. Som tilsett i ein miljøbank er miljø og klima også i bakhovudet mitt og ein positiv konsekvens er at eg kastar mindre mat enn tidlegare og difor har redusert restavfallet mitt ein del. Samstundes hadde eg matvarer for ein endå legner periode enn først tenkt då eg kunne nytte meg av matrestar i staden for å kaste.
I mi hus haldning er vi to personar. Vi er ”vanedyr” når det gjeld pålegg, men likar ikkje same pålegg sortar. Vi drøfta difor i familiemøtet vårt kva pålegg vi skulle satse på. Pålegg har som regel lang haldbarheit og det er difor ikkje noko problem å handle pålegg for ein heil månad. Før har eg vore oppteken av å ha mykje godt pålegg tilgjengeleg i tilfelle eg får lyst på noko, dette har sjølvsagt ført til at masse pålegg før eller seinare har hamna i søppelet. No handla eg pålegg eg veit eg kjem til å ete opp i løpet av nokre dagar etter at eg har opna det. Eg ”rekna” også over kva eg brukar av reinhaldsartiklar osv. i løpet av ein månad og føya dette til på handlelista mi.
Med verdens lengste handleliste gjekk eg på butikken. Dei fleste matvareforretningar har eigne merker som er billegare enn dei meir kjende merkevarene. Eg har alltid vore skeptisk til desse varene, dei kan umogeleg smake godt. Men skal ein spare pengar må ein ofre litt, så eg velde billeg varer så langt det let seg gjere. Til mi store overrasking smaka desse varene akkurat like godt som andre varer eg har vore vand med å bruke tidlegare. Det aller beste var at sjølv om lista var lang og varene mange vart ikkje sluttsummen avskrekkande. Her var allereie fleire tusen kroner spara i løpet av eit år. Eg har ikkje rekna på kor mykje eg har spara på dette endå, men eg kan tenke meg at matvarerekneskapen syner at eg no nyttar om lag 1/3 av det eg brukte på daglegvarer før. Ein peikepinn på kva som er vanleg forbruk for din hus haldning finn du på SSB sine sider.
Steg 3 – delmål, sparemaraton og sparefri
For å kunne nå sparemål er det viktig med delmål. Eg sette difor opp forventa månadleg sparing. Eg bestemde meg for å spare 3.000,- kvar månad. I tillegg rekna eg inn ein del av feriepengar, t.d. til gode på skatten og del av desember løna mi. Eg visste også at i sommarmånadane ville eg ha litt til overs, for då er straumrekningane lågare enn elles i året. Eg skreiv ned månad for månad på ein liten lapp som eg plasserte på arbeidsplassen min for dagleg påminning.
Etter kvart som sparinga tok til skjøna eg fort at det er kjempesmart å ha eit konkret mål. I staden for å spare heile året kom eg fort fram til at det beste hadde vore om eg snarast vart ferdig med sparemålet mitt. Eg vart stadig meir bevisst kva eg brukte pengane mine på og sparemålet kom nærare og nærare. Etter 6 av årets 12 månader var målet oppnådd. No gler eg meg til 6 månader sparefri, mellom anna med ein tur til London der Visa-kortet heilt sikkert kjem til å gå varmt! 1. januar 2012 håpar eg at eg igjen er klar til sparemaraton, for det freistar heilt klart til gjentaking.
God sommar og god sparing til deg :-)
