Gris på bustadjakt
Her ein dag fekk eg koselig besøk i banken av ein ivrig liten kar ved namn Rolf. Han hadde fundert ei lita stund over at han gjerne ville kjøpe seg ein plass å bu, og no når han hadde fast jobb kunne det kanskje vere ein mogelegheit for dette? ”So bra”, sa eg, og tok med meg ein spent Rolf inn på kontoret for å finne svar på spørsmålet.
Først måtte vi kartlegge økonomien, og sjå om der var rom for å betale avdrag og renter på eit lån. Rolf var lur og hadde tatt med seg ein kopi av siste sjølvmeldinga og lønnsslippar frå dei siste månadane. Sjølvmeldinga gir ein fin oversikt over det ein eig samt gjeld ein kanskje har. Så plotta vi det heile inn i budsjettet som viser pengar inn og pengar ut, og tek høgde for kostnadar og utgifter som ein gjerne ikkje tenkjer på til vanleg. I tillegg tek den omsyn til at renta kan auke, og at du som lånar pengar greier å betene lånet sjølv om renta går opp.
”Kva om eg finn meg ei leilegheit med to soverom der eg kan leige ut det andre soverommet”, spør han. ”Då legg vi denne leigeinntekta til i budsjettet, og sidan inntekta då vert høgare, kan du låne meir”.
”Kva om eg flyttar saman med ei fru Rolf”, undrar han vidare. ”Då må vi legge til henne i budsjettet også; både på inntekts- og utgiftssida, og de vil komme ut med større overskot slik at lånet de to saman kan betene, vert høgare.”
”Kva dersom ho har hatt førsteheimslån før då?”, spør han. ”Det er berre krav til at det er den første bustaden til den eine av dykk. Og det er heller ingen aldersgrense for å ta opp førsteheimslån”.
Vel ferdige med oppstillinga av budsjettet var det meir Rolf lurte på: ”Vil det lønne seg å kjøpe framfor å leige?”. ”Lat oss setje opp eit lite reknestykkje”:
For at det skal lønne seg å eige framfor å leige må renteutgiftene minus skattefrådrag (28% av det du har betalt i renter dersom du har betalt skatt) vere lik eller lågare enn husleiga. Kva rente ein har på lånet vil variere litt, og svaret vil då også ofte vere ulikt frå reknestykke til reknestykke. Kva rente ein får avhenger mellom anna av kor god sikkerheit banken har for lånet. Når vi snakkar som sikkerheita meiner vi kor stor verdien er på det banken har i pant for lånet.
Rolf har ikkje eigd bustad før, så han kan få eit førsteheimslån. Med eit Førsteheimslån kan han låne inntil 90% av det bustaden er verdt, han kan betale ned lånet på inntil 30 år, og i tillegg får han god rente.
Rolf har ikkje noko eigenkapital, og han vore litt bekymra for dette. Han har ikkje spart så lenge på BSU-konto, og lurer på om det er lurt å bruke det som er inneståande på denne. ”Det er ikkje noko krav til eigenkapital ved Førsteheimslån. Lat BSU-kontoen stå og fortset å spar på denne så du får den gode skattefordelen som denne sparinga gir”. På BSU (Bustadsparing for Ungdom) kan du spare inntil 20.000,- per år og betalar du skatt får du 20% av sparebeløpet igjen på skatten ved skatteoppgjeret. Du kan spare 150.000,- på kontoen fram til du fyller 34 år. At du får låne 90% av verdien på bustaden vil seie at ein må ha ei tilleggssikkerheit dersom ein skal låne 100%; eit tilleggspant. Dersom for eksempel far eller mor kan stille opp som kausjonistar kan Rolf få låne 100%; alt det husværet kostar.
”Dersom eg no skal kjøpe hus eller leilegheit må eg kjøpe meg komfyr, vaskemaskin og kanskje ei oppvaskmaskin. Kan eg greie det dersom eg skal betale ned på lånet og kanskje til og med må betale ein månad husleige på den leilegheita eg seier opp no?”, spør han. ”Ingen problem, Rolf”, seier eg. ”Dette kan løysast ved at du i nokre månadar berre betalar rentene på lånet, slik at lånet ikkje veks. Så betalar du avdraga (sjølve lånet) om litt”.
Rolf virka til å vere ein grei kar som har orden i økonomien sin. Frå kontoutskriftene hans såg vi at han alltid har til overs på kontoen når månaden er slutt, og forbruket er slik at han også greier å spare litt på både BSU og sparekontoen. Sjølv om eigenkapital ikkje er noko krav, er det alltid fint å sjå at ein kan spare og ikkje bruke opp alle pengane sine. Rolf er innstilt på at han kanskje ikkje kan kjøpe seg ny bil med det første, og at ferien til Thailand kanskje må bytast ut med eit billegare alternativ. Det ser ut til at betalingsviljen til Rolf er på plass. Og når budsjettet fortel at Rolf har god evne til å betale for seg vil eg gi Rolf lån. Vi har kome fram til ein lånesum som passar Rolf sin økonomi. Ein lånesum som gjer til at han framleis greier å setje av litt som han kan ha i reserve, og han kan framleis unne seg litt snop på laurdagen :-)
Rolf var glad og fornøgd og kanskje til og med ein smule letta då han gjekk ut av banken. Eg var glad fordi ein liten kar kunne få oppfylt draumen om eigen bustad. Kanskje ville han finne noko aktuelt med éin gong, eller kanskje laut han leite i ei stund før han fann noko. Det var uansett ein spanande prosess han no skulle inn i, og vi i banken er glade for å kunne hjelpe! Det er berre SO BRA!
Har du lyst til å gi Rolf gode råd på vegen mot ny bustad og vere med i konkurransen om å vinne ein Rolf-genser, sjekk fana “Rolf” på Facebook-sida vår. Lykke til, Rolf!

