Ut-av-deg-sjæl-opplevelse

Korleis kjennest det, Cecilie? Er det rart? Ja! Veldig rart, det er uvant, svarar eg. Ravi syng “ut-av-deg-sjæl-opplevelse”. Ja, kanskje det er slik, tenker eg.

Bleier, tåteflasker og leikar er bytta ut. Det er slutt på svangerskapspermisjonen. Eg er tilbake på jobb. I åtte månader har eg kosa meg heime med veslejenta. No er det pappaen sin tur til å lage graut, gå tur og kose seg med gullet vårt. På den gråe kontorstolen sit eg. Det kjennest rart. Eg er spent, trist, glad, bekymra og avslappa. Eg veit at pappen har full kontroll, og at jenta vår har det bra. Dei kosar seg. Men eg sit her, på den gråe stolen. Eg har gitt frå meg kontrollen. Eg vil skrike! Eg vil heim! Men samstundes vil eg sitte på stolen.

Min nye stol. Den er annleis. Eigentlig er den heilt lik min forrige. Men denne stolen står på marknadsavdelinga, og den gamle står i lag med kunderådgjevarane her i Førde. Eg har fått ny jobb! Eg vil skrike endå meir! Før sa eg ord som effektiv rente, lån og forsikring opptil hundre gonger for dagen. Så vart dei bytta ut med blant anna bleier, pupp og graut. No er sponsor, profilering og sosiale media nokre av orda som blir brukte mest.

Heldigvis er stolen god, for eg kjenner at eg er i ein stor jungel. Eg kan ikke alt det ein skal kunne frå denne stolen. Marknadskonsulent-stolen. Min stol. Cecilie sin stol. Eg likar den. Det har kome bildemelding på mobilen min. Bilete av vesla. Dei er på tur i sola. Eg vil skrike igjen! Heldigvis er det berre 1 time igjen av dagen. Då skal eg heim og leike med verdas beste. Eg har gått frå å vere mamma i svangerskapspermisjon til å bli marknadskonsulent i Sparebanken. Det er veldig kjekt, men også utfordrande. Det er slik det er å leve, tenker eg, eg er til tider ut av meg sjæl..

 

Gå til mobilutgåva