Tru om det blir oss denne gongen?

Hjertebank, 120 i puls, null konsentrasjon og eit kokande hovud. Konstant trong til å gå rastlaust rundt omkring. Neidå, eg er ikkje sjuk – eg er midt i ei hektisk bodrunde.

Det har seg slik at ein stad på vegen vaks eg opp, fekk meg sambuar og hamna i det vi i banken kallar etablerarsegmentet. Så no skal vi kjøpe leilegheit.

Vi legg inn eit bod til. 10.000,- opp. Ein fisk i havet i den store samanhengen, men kanskje det som skal til for at konkurrentane gir seg. Så er det berre å vente. Vente på kva dei andre vil gjere. Vente på den siste spikaren i kista – for eg er i grunn ganske sikker på at det ikkje er vår tur denne gongen heller. Men håpet er der likevel. Det har vore stille lenge no.

Hjartet søkk då mobilen gir frå seg ein lyd og namnet til Randi, meklaren kjem opp. Sinnstemninga går frå forsiktig håpefull til total resignasjon. Det var ikkje vår tur denne gongen heller. Kanskje like greitt – det vart voldsomt dyrt dette.

Det er ei stor investering. Mykje å tenke på, mykje å forplikte seg til. Vala er mange – og ting må ofte avgjerast kjapt. Mange nye ord dukkar opp i vokabularet; akseptfrist, marknadsverdi, låneverdi, burettslag, sjølveigar, eigenerklæring og så vidare. Her gjeld det ikkje berre å kunne uttale ordet  og late som ein forstår det – eg må verkeleg forstå både kva det tyder og inneber. Ein føler seg ofte dum når ein spør om ting som for meklaren verkar heilt daglegdags. Eg har kome fram til at det beste er berre å spørje og grave – så får eg heller føle meg litt dum – Det er jo framtida mi det dreiar seg om! Dessutan trur eg nok at Heidi, Randi og dei andre i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har høyrt både eit og to rare spørsmål før.

Det er ikkje lett å komme seg inn på bustadmarknaden som nyetablerar i dag. Prisane er høge. Dessutan veit ein aldri kor tid det toppar seg. Får vi selt leilegheita igjen om nokre år? Vil vi tape pengar på dette, eller vil prisane fortsetje å stige? Ein kan miste nattesøvnen av mindre. Men inn på marknaden må ein – ei lita kjellarleilegheit på 60 kvadratmeter held ikkje dersom ein har litt ambisjonar. På same tid som du håpar på at bustaden du har sett deg ut skal vere attraktiv, så vil du jo helst ikkje at det er mange med og pressar prisen opp.

Snart er det på’an igjen – tru om det blir oss denne gongen?

PS! Med iPhone og Android appen til banken får du lettare tilgang til alle eigedomane som Eigedomsmekling Sogn og Fjordane legg ut. Sytalaust for deg som er på leiting!

 

Gå til mobilutgåva