Nokre tankar etter eitt år i sosiale medier
Vi tok valet ganske tidleg om at sosiale medier var noko vi hadde lyst å drive med. Første gong vi diskuterte dette var i 2007. Utgangspunktet for heile satsinga vart tanken om ”Meir enn bank”. Vi er så mykje meir enn berre ein bank, og den sida av bankdrifta er vi svært opptekne av å syne fram og engasjere kundane våre i. For vi er stolte over samfunnsansvaret vårt, over meiningane våre og over rolla vi har i Sogn og Fjordane. Med desse tankane som overordna mål, sette vi i gang med ei Facebookside, blogg og ein solid innsats frå ein gjeng overengasjerte marknadsfolk
Dialog – sosiale medier sitt store mantra
Eg trur kanskje vi har tenkt litt annleis enn mange andre som lagar strategiar og set i gong med ymse ”tiltak” i sosiale medier. Målet for dei fleste er jo å oppnå ei form for auka nærleik til omverda, opne opp for rask tovegs-dialog om produkt, tenester og andre ting i eit ope fora. Vi må kanskje innsjå at denne typen dialog og diskusjon ikkje alltid eignar seg for oss og våre kundar. Vi snakkar tross alt om den enkelte sin personlege økonomi, noko som mange vegrar seg for å diskutere, sjølv på bussen. I tillegg kjem vi fort bort i konfidensielle opplysningar og dialogen må gå vidare i andre, sikrare former. Dei fleste av våre kundar har også eit godt og tett forhold til ein personleg kundebehandlar som dei kan diskutere med.
Med dette som bakteppe, tok vi ein litt annan innfallsvinkel enn dei fleste konsulentar og andre betrevitarar ville anbefale oss. Vi la dette heilage målet om dialog litt på sida, og sa heller at vi ønska å skape ei god oppleving saman med banken på nettet. Eg vil påstå at vi har lukkast med det.
Kva har vi oppnådd og kva verdi har det?
Sparegrisen Rolf. Sparegrisar kan ein kanskje kalle symbolet på bank og funksjonen til ein sparegris er ein vesentleg del av drifta vår. Då vi skulle bytte ut grisen vår, var det naturleg å gi den nye eit namn. Facebooktilhengarane våre fekk ansvaret, og Rolf vart det naturlege valet. Vi har, via våre kundar, greidd å sende Rolf til dei fleste kontinent på kloden. Frå høge fjelltoppar, til varme strender og våte skogar. Har har vore på fest, på festivalar, på klassetur, på idrettsturneringar og til og med på jobb hos enkelte. Våre kundar sende inn bilde av Rolf sine utflukter, og saman skapte vi det som no er ”den kulaste grisen på Facebook”. Dette vart eit fenomen med høg ”gøyfaktor”. Heilt på sida av sal, informasjon om produkt og andre meir bankrelaterte emne.
Eit spørsmål som går igjen og igjen, er kva verdiskaping ei Facebookside har. Kva er vitsen med å kaste Rolf i fallskjerm ut frå banktaket og legge ut ein film på Facebook av det? Korleis legitimerer vi ressursbruken? Enkelt sagt er vel svaret merkevarebygging og auka kundekontakt i grupper som tidlegare var utfordrande å halde kontakten med. Eller sagt på ein annan måte, kundane våre har det gøy med banken og skapar gode, positive assosiasjonar.
”Kult at den lokale banken min er så aktiv på Facebook, liksom.”
Ligg det noko verdi i ei slik setning? (som er reell) Ligg det noko verdi i at ein bank blir oppfatta som moderne? Ligg det noko verdi i at ein ungdom på veg ut av fylket for å studere, som vil bli bombardert av tilbod frå andre, kanskje i utgangspunktet ”kulare” bankar, meiner at vi faktisk ikkje er så aller verst på det området sjølv? Ja, så absolutt. Er det lett å måle? Nei.
Det vi kan måle er assosiasjonar og andre kjensler knytt til merkevara vår. Gjennom to store, kvalitative undersøkingar. Ei gjort for tre år sidan og ei no nyleg, ser vi at merkevaren vår tydeleg har gått meir mot det vi sette oss ut for å oppnå. Vi blir no endå klarare oppfatta som ein engasjert samfunnsaktør, meir moderne (noko som det skorta veldig på førre undersøking), jordnære, tilgjengelige, engasjerte og med eit klart fokus på å utvikle og bidra til at Sogn og Fjordane er ein god stad å bu og vere.
No kan vi sjølvsagt ikkje legge all æra for dette på sosiale medier, men ingen hos tviler på at det engasjementet bidreg sterkt.
Vi ser på det vi har fått til så langt som ein suksess. Spørsmålet no blir kva vi kan gjere betre og annleis. Har du meiningar om det, så del dei gjerne.

