Gode gjerningar
Det vert ofte sagt at den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad. Gode gjerningar kan vere så mangt. Ei hjelpande hand, nokre gode ord. Rett og slett gjere noko som gleder andre. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane håper vi kan vere med å gjere andre litt glade i kvardagen.
I fjor kjøpte banken ei signert Manchester United trøye i auksjonen til TV-aksjonen. Ved kjøp av blant anna denne trøya, gav vi totalt 45 000 kroner til Care. Trøya vart liggande ei stund utan at vi heilt visste kva vi skulle gjere med den. Den var jo litt for verdifull og symbolsk til at vi berre kunne gi den vekk i ein enkel konkurranse. Så slo det oss. Denne trøya vart kjøpt som ein del av ei god gjerning – burde den ikkje då ende opp hos nokon som har utmerka seg for å ha gjort ein god gjerning?
Kjenner du nokon som verkeleg har gjort ei god gjerning for andre, og som du syns fortener ei signert Manchester United trøye?
Trøya er frå 2008/2009 sesongen og har signaturar frå blant anna Wayne Rooney, Cristiano Ronaldo og Ryan Giggs.
Meld inn din kandidat til marknad@ssf.no, merk e-posten med ”Gode gjerningar” innan 30. september. Gi opp namn på kandidaten og fortel kvifor du meiner denne personen fortener trøya.
