Min økonomiske kvardag…
Då eg var liten drømte eg om å vere stor, og no når eg er stor ønskjer eg ofte å vere liten igjen. Få bekymringar og lite ansvar. Allereie frå eg var liten laga eg meg milepålar; å begynne på skule, ta førarkort og flytte heimafrå var nokre. Trygt og godt hadde eg det heime, men likevel var det å flytte heimafrå ein av dei største milepålane.
Når vi veks endrar også behova i forhold til bank seg. Som liten var ei sparebøsse og ein sparekonto nok for meg. Etter kvart trengte eg fleire kontoar, og både bankkort, telebank og nettbank vart nødvendig. I dag har eg større krav. Eg treng framleis kontoane og dei ulike betalingstenestene, men også lån, forsikringar og sparing. Før eg starta som kunderådgjevar på personmarknaden i sparebanken, var alt dette ein stor jungel for meg. Eg visste ikkje om alle alternativa som faktisk finst, og kva som var lurt for meg. Gjennom jobben min ser eg kvar dag konsekvensar av å ha faste spareavtaler. Av å ha forsikringane i orden – og konsekvensane av å ikkje ha det. Dette har gjort meg meir bevisst på eigne val.
Dei neste månadane går eg og min sambuar over i ein ny og spennande epoke. Med min stadig veksande mage, og termin i juli får vi nye behov som skal dekkast. Som dei fleste, drøymer vi om å kunne bygge hus med god plass og hage som har både blomsterbed og trampoline. Gjennom BSU (Bustadsparing for ungdom) er den draumen litt nærmare. Eg sparar til ny bustad samstundes som eg får mindre skatt. Eg har samtidig lyst å vite at eg skal ha det bra som pensjonist. Veldig rart å vere 25 år og tenke på pensjonisttilveret. Men eg skal vere den bestemora som kan vere med barnebarna på mykje moro, og kanskje ta meg råd til å kjøpe ny sykkel til dei alle. For meg vart det å spare i aksjefond ei god løysing, då det er snakk om lang tidshorisont. Gjennom ein månadleg spareavtale sparar eg regelmessig og kursrisikoen blir utjamna over tid. Dermed får eg meir avkastning på pengane.
Når eg ser tilbake på kor lite eg visste om BSU og fond, og alle andre bankprodukt før eg begynte i jobben min, blir eg litt skremt. Eg blir forundra over at eg ikkje var meir aktiv på å søke informasjon om alt dette. Tenk – hadde eg visst om BSU eller fondsparing før, hadde kanskje draumen om hus vore endå nærare?
Sjølv om du er på min alder, er kanskje dine krav til banken annleis? Kanskje er du ein av dei som reiser rundt i verda, og berre treng kort og reiseforsikring? Uansett er det å planlegge framtida gjennom til dømes sparing, ein av nøklane for god økonomi i framtida.
