Grisefest i Billettluka

BillettlukaDu har kanskje høyrt om Rolf, kulaste grisen på Facebook? Første veka kvar månad arrangerer Rolf Grisefest, der han lovar høg trynefaktor med konkurransar og anna kjekt. No er det igjen klart for Grisefest, og Rolf feirar med å lansere Billettluka.

Du finn Billettluka under ei eiga fane her på bloggen. Her vil vi jamleg legge ut billettar til kultur- og idrettsarrangement som du kan melde deg på, og vere med i trekninga om. Sparebanken Sogn og Fjordane støttar mykje spennande rundt i fylket vårt og Bergen, med Billettluka vil vi vise mangfaldet som fins her.

Sidan det er Grisefest, har vi no eit ekstra spennande utval av billettar. Her kan du vinne billettar til fleire av konsertane på Balejazz, kino i Bergen, Sommarfesten i Førde, kajakkurs i Bulandet og Green Granadas i Sogndal.

Gå til Billettluka

 

Gå til mobilutgåva