Danse mot vår
Denne helga, 29.4 – 2.5, er det Dansens Dagar. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane gler oss over våren og feirar på vår eigen måte.
Det fins mange danseformer. Når eg tenker over det er det utruleg mykje som kan gå under kategorien dans. Ballett. Halling. Hip Hop. Ja, til og med den klønete forma for disco, som ein finn i hjørnet av dansegolvet på utestadane, vert kalla dans.
Den største hobbyen min når eg var yngre var dans. Eg var innom det meste frå folkedans og sving til jazzballett. Det som dreiv meg var heilt klart gleda dansen gav. Det å kunne bruke kroppen til å uttrykke noko. Fellesskapet det gav med andre. Eg vart nok ingen stor og legendarisk dansar, men gleda ved å danse vil aldri forsvinne.
I dag vert mangfaldet og kjærleiken til dans feira over heile verda. Dansens Dagar er dans på tvers av kultur, alder, nivå og danseform. Dette har vi gjort til gangs i Sparebanken Sogn og Fjordane. I filmen ”Danse mot vår” får du sjå bankfolk i alle aldrar og former utfalde seg, med danseglede som einaste krav.
