Eg gjorde Furore!
I haust var eg ein av dei heldige mottakarane av Furorestipendet. Då eg søkte på stipendet, hadde eg akkurat tatt til på siste året av min Mastergrad i Industridesign, og slutten på eit fem års langt studium var rett rundt hjørnet. No, eit halvt år seinare, har eg akkurat levert frå meg diplomoppgåva mi, og då eg vart beden om å skrive eit innlegg her og fortelje litt om kva som har skjedd sidan sist, var det noko eg gledeleg tok på meg.
Like etter at eg vart tildelt Furorestipendet, gjennomførte eg og medstudent/kollega Henning R. Nielsen eit samarbeidsprosjekt. Der jobba vi med lyntog for Noreg og prosjektet fekk namnet “Aurora”. Det var konseptorientert og hadde fokus på merkevarebygging i relasjon til industridesign. Resultatet viste ein visjon og strategi for korleis vi meinte eit framtidig lyntog for Noreg kunne opplevast og skilje seg frå lokale og internasjonale aktørar.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
I januar tok eg til på diplomoppgåva; den semesterlange oppgåva som avsluttar industridesignstudiet ved Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo. Her jobba eg med sikkerheitsprodukt, og prosjektet hadde ein meir teoretisk og metodisk vinkling enn dei tidlegare arbeida. Prosjektet enda opp i eit Case studie og ein personleg sikkerheitsteneste kalla ”Circle of Trust”.
![]() |
Etter å ha levert frå meg sistnemnde prosjekt til evaluering, går dagane no med til å finpusse på porteføljen som skal brukast til å søke jobb med, i tillegg til å førebu fleire utstillingar. Først ut er avgangsutstillinga ved AHO, der diplomprosjekta skal stillast ut og eksponerast til designbransjen. Rett etter denne er ferdig, reiser eg til Førde og Kunstnarsenteret, der eg og klesdesignar Tuva Listau (som også mottok Furorestipend i fjor) skal ha utstillinga ”Ung Design”. Denne utstillinga viser eit utval av prosjekt vi har gjennomført i våre studium, og opnar den 24. juni.
Eit av mine tidlegare prosjekt, armprotesa Immaculate, har blitt trekt ut til å stille ut ved ”Biennale internationale Design 2010 Saint-Étienne”, ei internasjonal designmesse hovudsakleg for industrien som skal vere i Frankrike i haust; så her er også førebuingane i gang. Immaculate er eit prosjekt som har fått mykje merksemd i både lokale og internasjonale media, men den har ikkje blitt plukka opp av sentrale aktørar i industrien, så eg ser fram til å vise den fram i eit slikt forum.
![]() |
Furorestipendet tillet meg å fokusere hundre prosent på det som eg brenn for, og det er ein unik sjanse når ein er i startgropa av ei karriere. Mi oppmoding er difor klar; søk Furore 2010!






