Vårens vakraste eventyr
Så er det snart klart for vårens vakraste eventyr! 2. pinsedag sparkast miniputtfotballen i gang igjen. Ca. 4.000 våryre ungar mellom 6-10 år inntek fotballbanene rundt om i fylket vårt. Rundt bana står spente foreldre og føresette, søsken, besteforeldre, tantar og onklar for å sjå sine håpefulle finne vegen til nettmaskane.
Nokre har konkurranseinstinktet i orden og kjempar innbitt til fløyta går, men slettest ikkje alle. Mange har meir enn nok med å springe etter ballen, gjere som dommaren seier, sjå på publikum og le og ha det moro med kvarandre. Og det er dette som gjer miniputt-turneringane så flotte! Dette er ein arena for ungar i alle variantar! Og det er på denne arenaen vi skal plante tanken om respekt for kvarandre, motspelarar, trenarar, dommarar og elles alle som er tilstades på arrangementa. Så da er det kanskje ikkje tilfeldig at hovudtema for denne miniputt-turneringa er nettopp FAIR PLAY.
FAIR PLAY kan omskrivast til alminneleg folkeskikk. Det handlar om respekt og toleranse, inkludering, å ta avstand frå rasisme og mobbing og ha respekt for dommaren sine avgjersle. Lykkast vi med å sette fokus her, så kan vi skape enda betre opplevingar for ungane våre og ikkje minst meir positivitet rundt fotballen. Og ei meir lydhør målgruppe enn desse ungane skal du leite lenge etter…
Arrangørar i denne første runden er: Luster, Høyang, Lærdal, Sogndal, Askvoll/Holmedal, Tambarskjelvar, Loen, Bremanger, Breimsbygda og Heia/Stårheim.
Sparebanken Sogn og Fjordane er sponsor for turneringa og vi i fotballkrinsen ønskjer alle barn og vaksne lykke til med årets første Kongleriket Miniputt-turnerning. Vi kjem til å følgje alle turneringar i spenning, og håpar så mange av dykk som muleg tar turen til nærmaste turnering og let dykk riva med av den ekte idretts- og meistringsgleda som ungane spreier om seg med.
Ha ei fortsatt fin miniputt- og pinsehelg!
