Det eksotiske liv
Eg visste det ganske klart – eg skulle bli ein verdensvandt globetrotter. På Hafstad Vgs hadde eg trakka rundt, men dette vart for kjedelig for meg. Eg meinte eg trong noko meir eksotisk i framtida. Kjærasten og eg måtte ut i verda. 19 år med reisedagbok og billettar til fire kontinent i sekken reiste vi ut. Opplevingane vart mange.
Vissa om at utdanning det var bra å ha kom snikande i takt med heimlengselen etter mors heimelaga kjøttkaker. Kor skulle så vegen gå? Kva skulle det bli av meg? Kva studiestad var attraktiv nok til å stette mine krav om spanande opplevingar, fag som trigga mi interesse og ikkje minst draumen om det gode studentmiljøet?
Ein lærer litt om seg sjølv når ein vert tvinga til å ta val – val som påverkar framtida. Kva er eigentleg eksotisk? Visst hadde vi sett mykje nytt, rart og fint med kamera rundt halsen og sekken på ryggen. Eg måtte innsjå at eksotisk for meg det var bratte fjell, ski og klatresko. Eksotisk det var det herlige lynne til vestlendigar når dei samlast og snakkar om været som var i går. Eller eit meir utbreidt tema blandt studentar – kva vin gjev mest prosentar pr krone.
Eg les at studentane vel Høgskulen i Sogn og Fjordane. Rektor, Åse Løkeland, seier at når ein ser vekk frå nokre deltidsstudium som det ikkje er tilbod om i år, så er søkjartala sterkare i år enn i fjor. For meg gjev dette meining - det var jo der eg også enda. Sogndal, det var den eksotiske staden for meg.
Vakker og vill natur, jo da det er fint det. Kunsten det er å ta den i bruk. Kunsten er å legge til rette for at studentane kan boltre seg i resursane fylket har å by på. Først når studentar møter elementa på sitt eigne utforskande vis vert det spanande. Sogndal var i tet på dette området. Saman med vener og gjennom student friluftslaget, Lurkarlaget, fekk eg delta på eit breitt spekter av aktivitetar. Dette i lag med eit godt studentmiljø og eit fagleg tilbod som passa meg gjorde til at Sogndal var ein stad eg kunne kjenne meg heime – studiestaden gav meg ein meirverdi.
Kva som er eksotisk til ei kvar tid vil sjølvsagt endre seg, men det gjelder å ha augene opne. Kanskje står ein midt opp i det?
