Lettlurt?

Lettlurt-bloggSiste veka har media fokusert på om vi er ekstra godtruande når vi lar oss lure av e-postar som kjem dettande inn i mailboksen vår, og som lovar oss stor forteneste om vi tek kontakt. Kanskje er vi slik som landsmoder Gro sa ein gong; det er typisk norsk å vere god!

I alle fall er dette ein av framgangsmåtane som kjeltringar i eksotiske land prøver å skaffe seg ufortente inntekter på. Ofte ei rørande historie om ein avdød slektning, som så inderleg ønskjer at nettopp DU skal bli arving til både ti og femten millionar. Det er berre det at du må ta litt kontakt først. Tek du kontakt, får du fort ein god og hyggjeleg person på tråden, som vil deg alt vel. Eit lite depositum på ein konto i utlandet er nærmast for ein kuriositet å rekne - ei utgift du får til ”inntekt`s ervervelse” så og seie.

Mange har spurt om vi verkeleg er så naive og lettlurte at vi bit på dette. Ja, enkelte av oss lar oss lure. Ikkje fordi vi er dumme, men vi er kanskje slik skrudde saman at vi tenkjer det beste om folk som er så venlege å ta kontakt med oss. Vi vil no også så gjerne hjelpe. Sjølvsagt har vi også dei mellom oss som ser sjansen til lettente pengar, og blir gripne av litt grådigheit, og dermed forduftar den kritiske sansen. Då er vi med eitt med begge beina oppe i eit pengespel, der vi står att som taparar.

Nigeria-brev med melding om at ein avdød afrikansk konge har deg som arving, eit brev eller ein telefon om at du har vunne millionar i eit tilfeldig lotteri du aldri har høyrt om, ei melding om at OPEC (av alle organisasjonar her i verda!) har tilgodesett deg med 816 570 engelske pund – alt dette er slikt som kjem til deg så aldeles ufortent! Då må vi også tenkje at slike ufortente stjernetilbod berre er oppdikta tull, som vi med godt samvit skal slette frå PC-en, og i alle fall ikkje svare på.

Dersom du ønskjer gode dømel på fantasirike brev, finn du litt av kvart på internett. Her finn du Nigeriabrev, og du kan også kose deg med ei internettside som fortel om korleis enkelte prøver å lure luringane. Akkurat det kan vere ein risikosport som ein kanskje skal halde seg langt unna.

Kva så? Kanskje skal vi i Sogn og Fjordane gå føre med eit godt eksempel, og ikkje tru at slike lettente pengar er noko som vi får i fanget berre med nokre tastetrykk? Vi er rekna som eit sindig folkeferd her mellom bakkar og berg, og den myten treng vi ikkje avlive sånn over natta. Det kan vere typisk norsk å vere god, men eg trur Gro meinte det på ein litt annan måte enn at vi skal falle for rørande historier om millionar som står og ventar på nettopp deg!  Eller at vi skal bli rike i ein fart, berre vi gjer nokre små, enkle disposisjonar.

Ett svar til “Lettlurt?”

  1. Thomas sier:

    Ein kan også sjå nøye på språket, er ofte dårligare engelsk i denne type epost. Stol ikkje på epost der du ikkje kjenner avsendar.

Legg igjen et svar