Oppvaksen med eld i sjela

Det er ikkje alltid ein kan sjå dei. Han som brenn for den lokale fotballen. Ho som alltid syter for at alt ligg til rette. Ei eldsjel kan vere så mykje. Felles for dei alle, er at dei brenn for noko. Dei kallar kanskje ikkje seg sjølv for eldsjeler, men dei gjer dagleg ein innsats for lokalmiljøet sitt. Det er desse som driv fram det frivillige arbeidet  andre ikkje ser seg tid til å ta. Dagleg påverkar dei livet til andre menneske. Mange av dei er nok ikkje klar over kor mykje innsatsen deira betyr.

Gaularspelet - eit stort dugnadsprosjekt med fleire eldsjeler

Gaularspelet - eit stort dugnadsprosjekt med fleire eldsjeler

 Med ikkje mindre enn to kulturprisvinnande foreldre, har eg hatt mykje å sjå opp til. Ein kan vel sei eg har fått det inn med morsmjølka. Eg har alltid hatt mykje forskjellig på gong. Dans, turn, drill, korps, felespel og handball er berre noko av det eg var med på i barndommen og ungdomstida. Trass i at eg var 4 år i Bergen som student, heldt  eg engasjementet varmt heime i Bygstad. Dette gjorde at eg verkeleg hadde noko å kome heim til etter endt studietid. Eg følte at eg hadde noko som venta på meg,  og som kunne trenge min innsats der. No, snaue 3 år etter eg kom attende,  bur eg enno i Bygstad. Eg sit som leiar i Bygstad Ungdomslag,  styremedlem i Gaularspelet,  er engasjert både i Bygstadrevyen,  Bygstad Skule- og Hornmusikk og  har vore med som aktør i Gaularspelet kvart år sidan eg var fem.  Hadde eg ikkje hatt dette å bry meg om,  så er det ikkje sikkert at eg framleis hadde budd her.

No når eg er blitt vaksen, ser eg verkeleg verdien av  å ha gode fritidsaktivitetar å vere med på som ung.  Eg har ikkje tenkt på det før, men eg skjønar no at eldsjelene i bygda mi verkeleg har hatt stor innverknad på korleis livet mitt har blitt. Eg ser og verdien av at eg hadde foreldre som engasjerte seg, køyrde meg hit og dit, og skubba litt på når ting vart  “kjedelege”. Fritidsaktivitetane heime i Bygstad har gitt meg ei uvurderleg plattform vidare i livet. Det har eg fleire eldsjeler å takke for.

22. april arrangerer vi Eldsjelsamling. Vi ønskjer å gje litt tilbake til alle dei som gjer ein innsats. Kjenner du nokon som burde vere med, sjå www.meirennbank.no/eldsjel.

Legg igjen et svar