For ein vinter vi har på Vestlandet

Yngve Thorsen
Det er midt i vinterferieveka, og mange av oss har fleire flotte skiopplevingar bak oss, anten det er på “bortover” eller “nedover” ski. Ein fantastisk vinter med snø, sol frå skyfri himmel og kulde som bit lett i kinna, har sett fart på mange foreldre, born, turløparar med Birken-sekken på ryggen og ikkje minst pensjonistar med matpakke og termos i solhellingane.
Dette er eit gjesteinnlegg frå Administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen. Skikrinsen er ei av dei mange særkrinsane banken har ein samarbeidavtale med.
I tillegg registrerer vi fleire unge lovande utøvarar som trenar fram mot sesongens store mål! Med andre ord er heile verdikjeden i norsk skisport er representert, samstundes som vi har sett over halve OL i Vancouver.
Vel vel…….OL i Vancouver er greit nok, men det er først og fremst den lokale skiidretten i Sogn og Fjordane som engasjerar meg! No skal vi ta pulsen på skisporten i Sogn og Fjordane!
FIS-renn på Jølster
I dag har eg vore på FIS-renn i alpint på Jølster – det første internasjonale rennet i alpint i Sogn og Fjordane på omlag 20 år.
Denne veka har mange av dei kommande alpinstjernene i Norge sett kursen mot Vestlandet og Jølster. Jølster og Voss har nemleg inngått samarbeid om å avvikle fem FIS-renn, fordelt på to slalåmkonkurransar i Jølster Skisenter samt tre renn på Voss.
For alpinsporten i fylket er eit slikt arrangement eit skikkeleg løft. Det er mange formalitetar som må på plass, men alpingruppa i Jølster IL har gjort jobben på ein framifrå måte. I dag bestod dei testen med glans, men utan samarbeid med alpinmiljøa i Førde, Sogndal og Haugen ville ein hatt vanskar med å gjennomføre eit slikt arrangement.
Som administrasjonssjef i skikrinsen er det kjekt å sjå at alpinmiljøa etterkvart finn kvarandre på tvers av klubbgrensene – slik skapar vi idrettshistorie i fjordafylket og slik set vi alpinsporten i fylket på det nasjonale kartet.
Første konkurransedag var det strynejenta Drude Aarnes Sørgård som stod for den beste prestasjonen, ho køyrde ned til ein sjette plass i det celebre selskapet.
Junior NM i Stryn
Allereie kommande veke er det på nytt klart for eit stort arrangement i fylket, denne gongen er det den røynde arrangørduoen IL Veten og Markane IL som inviterar til junior NM i nordiske greiner på Ullsheim og Nordfjord Fritidssenter. Det er no ti år sidan sist det vart arrangert junior NM i Stryn, og den gongen var det hyaren Roger Aa Djupvik som var den store lokale “helten”. No ser vi fram til at våre unge lovande utøvarar på nytt skal få konkurrere på “heimebane” mot resten av norgeseliten.
Og vi har sjølvsagt fleire utøvarar som kan gjere det skarpt, og her er det berre å ramse opp namn som: Anders Fannemel, Trygve Henden Gaasø, Thomas Evjestad, Hallvard Evjestad, Martin Hegrenes, Håvard Gutubø Bogetveit, Knut Olav Øygard, Eivind Øygard og Johannes Thingnes Bø. Alle desse kan i sine beste stunder ta medalje, utan at eg skal legge noko unødvendig bør på deira unge skuldre.
Det som til sjuande og sist imponerer meg aller mest når ein skal ta pulsen på skisporten her i fylket, er den enorme dugnadsinnsatsen som blir lagt ned dag ut og dag inn for at unge og gamle skal oppleve gleda ved å gå eller renne på ski. Det gode og målretta arbeidet som blir gjort rundt omkring i laga med fokus på anlegg, utvikling av unge utøvarar, målretta trening og gjennomføring av arrangement gjer at skisporten i fylket står sterkare enn nokon gong tidlegare. Det er dei nemnde arrangementa og utøvarane eit godt døme på!
Med ynskje om ein fortsatt fin vinterferie!
