Det viktigaste er å gje

KosEg kjenner gleda i kroppen. Det er mange timar sidan eg var i Florø, men gleda eg opplevde i går sit igjen endå. Dagen begynte alt 05.00 – den trengte ikkje det, men spenninga hadde inntatt kroppen. Det var dagen for banken sitt UngNo arrangement i Florø. Nina hadde snakka så varmt og stort om dette, og eg hadde store forventingar. Den dama er sjølverklært høg på UngNo, og dèt smittar.

-Det var eit vendepunkt for meg, då eg skjønte at ein skal gje framfor å krevje, fortalde Stig Omland opent. Stig gav mykje av seg sjølv. Elevane satt på stolkantane. Dei følgde med og kjente seg igjen i Stig si historie. Vi fekk høyre at vi kan måle vår eiga lukke ut i frå vårt forhold til andre personar. Dei siste hettene og luene blei tatt av – han hadde salen si fulle merksemd.  Stig utfordra – vi har alle ansvar for å integrere dei som fell utanfor. Det Stig snakka om var alvorleg, men alle var med – dette var viktig, det traff oss alle.

Brått var det impulsdans på scena. Marte heite ho, jenta som let seg utfordre i Stigs sjølvtillitstest. Ho svinga seg verdsvandt rundt på scena.

Men den bodskapen som kanskje sat best var: Klemming er viktig – ein klem kan snu nokon sin dag!

Showbizz
Alex Rosèn var dagens trekkplaster. Han innfridde i kjend showbizz stil med ei reise i eigne erfaringar. Den eine augeblinken var vi i Kongo med Dave – dyrenes konge, neste på havet med 30 meter bølger og 4000 flasker vodka over oss. Alex var sjef – ingen fekk nok av han!
Eg var spent når eg køyrde utover til Florø om morgonen. Spent på korleis desse ungdommane i Florø var, spent på korleis dei ville oppleve arrangementet, men også spent på den jobben eg skulle gjere. Spenninga er vekke no. Smil, glede og ikkje mist klemming prega dagen for ungdommane og alle oss andre. Rett bak ligg alvoret – ansvaret for eiga framtid, ansvaret vi har for våre medmenneske og alle dei vanskelege vala som krev mot.

I dag er ein ny dag. Gleda eg kjenner på den skal eg ta med meg – den skal eg gje vidare. Eg har skjønt det no – det viktigaste er å gje.

Legg igjen et svar